Terneuzen
Terneuzen | |||
by | |||
|
|||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Provins | Zeeland | ||
Del av | Zeeuws-Vlaanderen | ||
Areal | 318,04 km² | ||
Folketal | 54 463 (1. januar 2021)[1] | ||
![]() Terneuzen 51°17′35″N 3°50′02″E / 51.293055555556°N 3.8338888888889°E | |||
Wikimedia Commons: Terneuzen |
Terneuzen er ein kommune og by i Nederland i provinsen Zeeland med om lag 55 000 innbyggjarar, og er den folkerikaste kommunen i provinsen.
Terneuzen ligg sør for estuaret Westerschelde og ein Westerscheldetunnelen går frå området og vidare til resten av Nederland.
Byen vart først nemnd i 1325 og ligg strategisk til Terneuzen ved inngangen til vassvegane til Gent i Belgia. I dag er Gent-Terneuzen-kanalen framleis ei viktig ferdselsåre. Hamna i Terneuzen er den tredje største i Nederland etter hamnene i Rotterdam og Amsterdam.
Ifølgje segna høyrde den legendariske «Flygande Hollendar» heime i byen. Van der Decken, ein kaptein som forbanna Gud vart fordømt til å segle på havet til evig tid, som skildra i Frederick Marryat sin roman The Phantom Ship og Richard Wagner sin opera.
Byen fekk byrettar i 1584. Før 1877 vart byen ofte kalla Neuzen.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ 1,0 1,1 1,2 1,3 «Kerncijfers wijken en buurten 2021». 6. august 2021.
- Denne artikkelen bygger på «Terneuzen» frå Wikipedia på engelsk, den 21. februar 2008.