Terracina

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Terracina ved solnedgang
Jupiter ANxur-tempelet på Monte Sant'Angelo

Terracina er ein hamneby i den italienske provinsen Latina i Lazio-regionen. Byen, som ligg ved Tyrrenhavet, 101 km søraust for Roma, har 45 000 ibuarar og dekker eit areal på 137 km².

Byen er ein populær feriestad, fyrst og fremst for italienarar. Terracina er kjend for Jupiter Anxur-tempelet på toppen av 227 meter høge Monte Sant'Angelo. Tempelet vart bygt frå det fjerde hundreåret f.Kr., men dei fleste ruinane stammar frå hundreåret før Kristi fødsel.

Historie[endre | endre wikiteksten]

I antikken vart staden kalla Tarracina, eit namn som tyder på at byen er frå den tida etruskarane rådde i området. 519 f.Kr. kom byen under romersk herredømme. Volsci-folket oppe i fjella kjempa i årevis mot romarane om ha kontroll over byen. Terracina låg strategisk til og vart endå viktigare då Via Appia vart lagd gjennom byen i 312 f.Kr. Seinare har Terracina vore styrt av mektige romerske familiar. Før samlinga av Italia var byen underlagd Vatikanstaten.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]