Terrorbalansen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Terrorbalansen er eit omgrep frå den kalde krigen og viser til den tilstanden som rådde då USA og NATO-landa på den eine sida og Sovjetunionen og Warszawapaktlanda på den andre sida begge hadde tilstrekkelege mengder atomvåpen til at dei kunne utslette kvarandre. Som militær strategi oppnår ein med terrorbalanse at krig vert meiningslaust, og slik var terrorbalansen med å hindre at krig braut ut mellom dei balanserande partane.

Mutually assured destruction[endre | endre wikiteksten]

Mutually assured destruction, eller «garantert øydeleggeing av båe sider», vart sett på som ein måte å garantere fred på. Ein viktig føresetnad for å oppnå «MAD» var at ingen part kunne slå ut den andre før denne greidde å reagere, slik at òg den som gjekk til åtak først, sjølv skulle verta øydelagd. For å bevare slik jamvekt fanst to alternative strategiar:

  • 1. Herding og/eller gøyming av eigne våpenberarar (engelsk ride out). Løysninga på dette alternativet vart bruk av missilberande u-båtar, SLBM.
  • 2. Slå attende ved første varsel (engelsk launch on warning), det vil seia å avfyre eigne ICBM-ar med ein gong fienden sine vart oppdaga utskotne. Her måtte kvar part ha minst 15 minutts varsel.