Terry Jones

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Terry Jones
Terry Jones Monty Python O2 Arena (cropped).jpg
Fødd 1. februar 1942
Colwyn Bay
Yrke skodespelar, komikar, filmregissør, manusforfattar, komponist, skribent, karakterskodespelar, filmskodespelar, skapar, programleiar, barnebokforfattar
Terry Jones på Commons

Terence Graham «Terry» Parry Jones (fødd 1. februar 1942 i Colwyn Bay) er ein britisk komikar, skodespelar, regissør, forfattar og programleiar frå Wales. Han er best kjent som eit av medlemmane i Monty Python.

I Monty Python er hans mange framstillingar av gamle kvinner, såkalla «pepper-pots». særs minneverdige. Dessutan var han «Den nakne mannen som spelar orgel» som dukka opp før opningsvignetten i Flying Circus-episodane på 1970-talet.

I tillegg til å vera forfattar og skodespelar i TV-serien Monty Python's Flying Circus har han òg regissert fleire filmar, bl.a Monty Python og ridderne av det runde bord (1975), Profeten Brians liv og historie (1979), Private Services (1987) og Erik the Viking (1989).

Jones har òg skrive fleire filmmanus og bøker (bl.a Starship Titanic saman med Douglas Adams) og er òg ein ivrig forfattar av politiske artiklar.

Han har dei siste åra vore programleiar for ei rekkje TV-seriar om historie. I 2009 kom den første boka hans ut på norsk, Barbarane, eit skråblikk på romersk historie.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]