Tesil

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ein tesil

Ein tesil er ein type sil som blir nytta til å fange teblad når ein fyller te i ein tekopp. Silen kan vere ein netting eller ei plate med mange hol. Ein tesil har eit handtak som ein kan halde i ved bruk.

Når ein lagar tetradisjonell måte med varmt vatn i ei tekanne er teblada lause og ikkje i ein tepose. Sidan teblada ofte ikkje smaker så godt er det vanleg å fjerne dei ved å filtrere teen gjennom ein tesil. Silen passar som regel opninga på koppen og fangar teblada når teen blir helt i koppen.

Nokre høge, sylinderforma tesilar kan òg nyttast til å trekke ein enkelt kopp med te, på same måte som teposar, teklyper, teballar og teegg blir nytta. Ein fyller då tesilen med ønskt mengd teblad og lèt dei vere i koppen til teen får den ønskte styrken. Ein tar så ut tesilen med teblada når teen er klar til å drikkast. Ved å nytte ein tesil på denne måten kan ein trekke fleire koppar etter kvarandre.

Bruken av tesil minka på 1900-talet etter som bruken av teposar vart meir og meir vanleg. Likevel er bruk av tesil føretrekt av tekjennarar som hevder at å la teblada flyte fritt framfor å vere inneslutta i ein tepose gir ein betre te ved at diffusjon av smak og aroma ut av teblada ikkje blir hindra. Mange hevder òg at produsentane av teposar ofte nyttar te av dårlegare kvalitet, det som blir kalla støvkvalitetste.

Tesilane er vanlegvis laga av sterlingsølv, rustfritt stål eller porselen. I den seinare tid har det òg komme tesilar av plast. I enkelte tilfelle kan ein òg finne tesilar av bast eller bambus. Det er ikkje uvanleg at tesilane kjem i sett; den eine delen er sjølve tesilen og den andre ein liten kopp eller skål som tesilen kan drype eller renne av seg i når ein skal servere fleire koppar te. Ein tesil kan òg vere ein kunstgjenstand laga av gull- og sølvsmedar eller til og med i fint porselen.

Tetrekkekorger (eller infusjonskorger) liknar på tesilar, men dei passar i toppen av ei tekanne og blir fylt med teblad ved trekking av te. Det er ikkje noko klart skilje mellom tetrekkekorger og tesilar og dei kan nyttast om kvarandre.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]