Te

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ein kopp te med ublanda mjølk i.
Foto: Xavier Snelgrove

Te er ein drikk som blir laga ved at ein blandar blad eller andre plantedelar med nesten kokande vatn slik at smaks- og fargestoff vert trekt ut i vatnet.

Ein skil gjerne mellom ekte te, som ein får frå teplanten (Camellia sinensis), og urtete, som ein kan laga av ei rekke andre plantar. Denne artikkelen handlar hovudsakleg om ekte te.

«Tea» av Mary Cassatt.

Ein drikk te fordi han har god smak, som medisin, og for å kvikkast opp. Te er hovuddrikken i fleire land, som Kina, Japan og India. I Noreg bruker ein rundt tusen tonn te kvart år, mot 35 tusen tonn kaffi. I dag finst det rundt 3.000 ulike slag ekte te, og eit utal andre typar.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Lause teblad.
Frå ein japansk teseremoni.

Teplanten kjem frå Søraust-Asia, frå eit område som omfattar Burma og Sichuan og Yunnan i Kina. Kinesisk tradisjon tillegg sogekeisaren Shennong oppdaginga av te som drikk. Dei første skriftlege oppteikningane om te kjem frå det tredje hundreåret f.Kr. Dyrking og nyting av teen fekk etter kvart strenge reglar for at tedrikkaren skulle oppnå ei finast mogleg oppleving.

Drikken spreidde seg først frå Kina til nabolanda. Japanske munkar brukte teen til å halda seg vakne under langvarig meditasjon. Japanarane utvikla seinare ein komplisert og formell teseremoni. I vest fekk handelsmenn frå Det osmanske riket te som betaling i form av samanpressa kubar med dampa grøne blad.

Med den europeiske ekspansjonen og koloniseringa kom både planten og drikken ut til resten av verda. Britane grunnla store teplantasjarSri Lanka og sør og nordaust i India. Tedrikken kom til Europa på 1500-talet, først som ein dyr drikk for aristokratiet, men i løpet av hundre år var han blitt ein allemannsdrikk.

Korleis te blir til[endre | endre wikiteksten]

Teplantasje i Malaysia.

Teplanten veks særleg godt i tropiske område, men ein kan òg dyrka han i subtropiske strok. Det finst fleire ulike variantar av planten. Hovudgruppene er svart te, som er vanlegast i Vesten, og grøn og oolongte, som ein drikk mykje av i Japan. Desse gruppene kan igjen delast inn i fleire undergrupper, sjå teplante. Etter plukkinga kan ein behandla blada på ulikt vis, og dermed få forskjellige typar te.

For å få vestleg svart te røyker ein blada i opptil eitt døgn. Så blir dei valsa, slik at celleveggane blir knuste og eterisk olje og enzym blir frigjorde. Blada gjærar så i rundt fire timar, og blir brune, før dei blir varmluftsbehandla. Når prosessen er ferdig er den grøne teen blitt svart.

Grøn te blir brunnen medan han fortsatt er grøn, utan å gjæra. Oolongte er ei blandingsform av dei to ulike metodane.

Tillaging[endre | endre wikiteksten]

Teposar.
Russisk samovar.
Foto: Yannick Trottier

Kinesarane pla først laga te ved hjelp av eit grønt pulver som blei piska inn i vatnet og danna såkalla jadeskum. Seinare gjekk ein over til å bruka heile teblad. I dag bruker ein gjerne eit liknande tepulver i teposar, medan laus te ofte blir seld i heile blad.

Kinesarane hadde lenge gjeve teen meir smak ved å tilsetja til dømes lauk, ingefær, sitrusskal og mynte. Indarane fann på fleire ting ein kunne bruka for å heva smaken til teen: Kardemomme, nellik og kanel. Dei kokte også teen med mjølk. Te kan smaksetjast med frukter, som sitrusfrukt, og blomar, som sjasmin, lotus eller rose.

Ofte førebur og serverer ein te i tekanner. Kinesarane laga desse av fint porselen, som spreidde seg saman med teen til Europa. Tekanner er blitt ei brukande kunstform som handverkarar og formgjevarar har perfeksjonert.

Kjemi[endre | endre wikiteksten]

Te inneheld det same oppkvikkande stoffet som kaffi, koffein, men i te er det gjerne blitt kalla tein. Effekten av koffeinen frå te verker saktare og varer dermed lengre enn stoffet i kaffien.

I teblada er det protein, karbohydratar, mineral (som kalium, magnesium og fluorid), og litt feitt. Dei to førstnemnde sit igjen i blada medan feittet fordampar. Berre tesmaken blir igjen. Te inneheld òg garvesyre, tannin, som kan smaka beiskt.

Ordsoge[endre | endre wikiteksten]

Namnet på te har to ulike hovudformer på nær sagt alle språk i verda. Nokre stader heiter drikken noko som liknar på te, andre stader heiter han noko som liknar på chai (tsjai). Begge orda ættar frå kinesisk, men te frå sør og chai frå nord i Kina.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikifrasar Wikifrasar har ei sitatsamling som gjeld: Te