Thaulow Goberg

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Thaulow Goberg


Statsborgarskap Noreg
Fødd 3. mai 1897
Skien kommune
Død

17. november 1962 (65 år)

Idrett fotball

Arthur Thaulow Goberg (3. mai 189717. november 1962) var ein norsk fotballspelar frå Skien. Han vann 1919-31 fem kongepokalar i fotball med Odds Ballklubb og spelte 1924-31 i 25 av Noregs landskampar. Han var sideback, «en glimrende hodespiller med et usedvanlig blikk for selve spillet, hurtig, hard og kontant».[1]

Karriere[endre | endre wikiteksten]

Klubbspel[endre | endre wikiteksten]

Goberg var aktiv i Storms Ballklubb før han i 1918 melde overgang til byrivalen Odd. Gjennom 17 sesongar fram til 1934 var han med på å verte cupmeister med Odd åra 1919, 1922, 1924, 1926 og 1931. I NM-finalen 1921 vart det tap mot SK Frigg.

Landslagsspel[endre | endre wikiteksten]

Goberg tok i 1924 over som venstreback på landslaget etter Per Skou. Fram til 1931 spelte han i 25 av Noregs 34 landskampar i perioden. Han spelte alle tre kampane då Noreg vart nordisk meister 1929 etter sigrar over Finland, Sverige og Danmark. Goberg bidrog samstundes til at Noreg sikra seg den nordiske Gullpokalen 1929-32, den fyrste pokalen i sitt slag.

Merittar[endre | endre wikiteksten]

  • Nordisk meister: 1929 for Noreg
  • Vinnar av Gullpokalen: 1929-32 for Noreg
  • Noregsmeister: 1919, 1922, 1924, 1926 og 1931 med Odd BK

Kjelder[endre | endre wikiteksten]