The Hindu

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
The Hindu
The Hindu Chennai.jpg
Hovudkontoret til The Hindu i Chennai
Type Dagsavis
Format Fullformat
Grunnlagd 20 September 1878
Utgjevar N. Ram[1]
Redaktør(ar) Malini Parthasarathy
Språk Engelsk
Opplag 1 391 550 dagleg (desember 2013)[2]
Hovudkvarter Chennai i Tamil Nadu i India
Nettstad http://www.thehindu.com

The Hindu er ei engelskspråkleg dagsavis i India. Ho har hovudkvarter i Chennai. Ho har eit gjennomsnittleg sal av 1,39 millionar eksemplar (desember 2013),[2] og har eit utrekna lesartal på 2,2 millionar.[3] Ho er med dette den andre største engelske dagsavisa i India etter opplag, og den tredje største etter lesartal (etter Times of India i begge høva og Hindustan Times i sistnemnde). Ho er den mest lesne engelske dagsavisa i Tamil Nadu og Kerala.

The Hindu starta som ei vekeavis då ho først blei gjeven ut i 1878, og fekk daglege utgåver frå 1889. Ho blei opphavleg danna som eit motsvar til den anglo-indiske pressa sin svertekampanje mot T. Muthuswamy Iyer, den første innfødde dommaren ved Madras High Court. Avisa fortsette ei nasjonalistisk linje i protest mot det britiske kolonistyret.

Etter administrative og økonomiske vanskar blei avisa kjøpt opp av S. Kasturi Ranga Iyengar i 1900, og familiemedlemmer har seinare hatt leiande roller i drifta. Avisa tilhøyrer The Hindu Group, som også gjev ut avisa The Hindu på tamil, nyheitsmagasinet Frontline og idrettsmagasinet Sportstar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]