Hopp til innhald

The Three Sisters på Irland

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Elva Barrow nær Muinebeag i County Carlow

The Three Sisters er tre elvar i Irland: Barrow, Nore og Suir. Alle tre har sitt utspring i same fjellområdet i County Tipperary og munnar ut i sjøen i same bukt sørvest for byen Waterford. Mellom seg spreier dei seg ut og drenerer ein stor bit av dei sørlege områda av øya, inkludert County Tipperary, County Carlow, County Kilkenny, County Wexford og County Waterford.

Barrow Bridge kryssar to av dei tre søstrene, Nore og Barrow. Dei møter så Suir like nedanfor brua.

I eldre tider utgjorde området mellom Suir og Barrow Kongedømet Osraige. Dette namnet vert framleis nytta i dag for det religiøse administrative området i både den irske romersk-katolske kyrkja og den irske kyrkja.