Elva Barrow
Barrow | |||
elv | |||
Barrow ved Leighlinbridge i County Carlow
| |||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Lengd | 190 km | ||
Kjelde | Slieve Bloom | ||
Munning | Det keltiske havet ved Waterford | ||
![]() Elva Barrow | |||
Wikimedia Commons: River Barrow | |||
Barrow (irsk Abhainn na Bearú eller An Bhearú) er ei elv i Republikken Irland. Ho er ei av Dei tre søstrene i lag med Suir og Nore. Barrow er den lengste og viktigaste av dei tre og med ei lengd på 190 km er ho den nest lengste elva på Irland etter Shannonelva.
Barrow har utspring ved Glenbarrow i fjella Slieve Bloom i County Laois. Av byar elva passerer på veg mot sjøen finn ein Portarlington, Monasterevan, Carlow og New Ross. Barrow er forbunde til Grand Canal ved Athy.
Sjå òg[endre | endre wikiteksten]
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Denne artikkelen bygger på «River Barrow» frå Wikipedia på engelsk, den 24. oktober 2007.