Myrsnipe

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Myrsnipe
Myrsnipe
Myrsnipe
Utbreiing og status
Status i verda: LC Livskraftig██ Hekkeområde ██ Standfuglar ██ På trekk ██ Overvintring
██ Hekkeområde ██ Standfuglar ██ På trekk ██ Overvintring
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Rekkje: Ryggstrengdyr Chordata
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Orden: Vade-, måse- og alkefuglar Charadriiformes
Familie: Snipefamilien Scolopacidae
Slekt: Calidris
Art: Myrsnipe C. alpina
Vitskapleg namn
Calidris alpina

Myrsnipe (Calidris alpina) er ein vadar og ein liten representant frå snipefamilien av ordenen vade-, måke- og alkefuglar. Ho er stor som ein stare, ca 16–22 cm lang, og har eit nebb på 3–4 cm. Myrsniper er sterke trekkfuglar.

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Myrsnipa si utsjånad varierer med underart, alder og årstid. Ei vaksen myrsnipe i hekkefjørdrakt viser raudbrun overside, stripete bryst og den karakteristiske svarte buken som ingen andre vadere i tilsvarande storleik har. Vinterdrakta har i utgangspunktet gråleg overside og kvit underside. Juvenile er brune på oversida med to kvite "V"-forma strek på ryggen. Dei har vanlegvis svarte flekker på flankane eller buken. Nebbet lett bua og er svart, beina er òg svarte. Det er ei rekke underarter som hovudsakleg skil seg ut i omfanget av raudbrun farge i hekkefjørdrakta og på nebblengda. Nebblengda varierer mellom kjønna, hoene har lengre nebb enn hannane. På tuppen av myrsnipenebbet finst eit mjukt dekke som blir fylt med blod og med mange nerveender, og dannar ein kjenslevar sonde som blir brukt til å lokalisere virvellause byttedyr i gjørme og sand.

Varsellætet er eit typisk snipe-pip, og visingssongen ei hard trille.

Utbreiing og habitat[endre | endre wikiteksten]

Biotopen åt fuglen er våtområde, fjærstrender med tangbankar og mudder, han hekkar også i stor høgd eller på skrinn tundra.

Utbreiing av nokre av underartane, trekkruter, og overvintringsplassar i Europa

Fuglearten er utbreidd og hekkar over store delar av nordkalotten, medrekna Sibir, Alaska, Hudson Bay, Grønland, Island, Dei britiske øyane, Svalbard, fastlands-Noreg og kystnære område i Sverige, Finland, Danmark og Baltikum. Myrsnipa må overvintre i tempererte strøk, i Europa skjer overvintring i kystområda frå nordvestlege Afrika og Middelhavet og nord til Dei britiske øyane, Nederland.

Status og vern[endre | endre wikiteksten]

Den globale populasjonen var estimert til 4,3 til 6,8 millionar individ med minkande trend per 2015. Trugsmåla mot arten inkluderer øydelegging av habitat, både hekkehabitat og for vinteropphaldet: uro på tidevassflater der dei beitar, drenering av våtmarker, gjengroing og anna.[1] I ei undersøking av hekkeplassar i Sverige og Finland synte det seg at myrsnipene viste sterk filopati, tendens til at individa vender tilbake til staden der dei er klekte. Habitatfragmentering aukar isolasjonen innanfor små hekkeplassar og gjer dei meir utsette for innavl på desse stadene. Framtidig forvaltning for bevaring av arten i dei to landa bør inkludere å auke sambandet mellom habitatflekker.[2]

På Svalbard er det ein hekkebestand på 300-600 individ (2015). Denne er bestanden er ført opp på den norske raudlista for artar i kategorien nær truga, NT.[3]

Gallery[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar
  1. BirdLife International (2022) Species factsheet: Calidris alpina. Henta frå http://www.birdlife.org 6. februar 2022
  2. Pakanen, V.-M.; Koivula, K.; Flodin, L.-Å.; Grissot, A.; Hagstedt, R.; Larsson, M.; Pauliny, A.; Rönkä, N.; Blomqvist, D. (2017). «Between-patch natal dispersal declines with increasing natal patch size and distance to other patches in the endangered Southern Dunlin Calidris alpina schinzii». Ibis 159 (3): 611–622. doi:10.1111/ibi.12463. 
  3. Dale S, Jacobsen K-O, Lislevand T, Solvang R, Stokke BG og Strøm H (2021, 24. november). Fugler: Vurdering av myrsnipe Calidris alpina for Svalbard. Norsk rødliste for arter 2021. Artsdatabanken. Henta 6. februar 2022

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Myrsnipe
  • Peder Fiske, 1994, Artsomtale: Calidris alpina – myrsnipe, S. 196 i: Gjershaug, J. O., Thingstad, P. G., Eldøy, S. & Byrkjeland, S. (red.): Norsk fugleatlas. Norsk Ornitologisk Forening, Klæbu. Henta 6. februar 2022