Thermódon

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Terme Çayı (tyrkisk) eller Thermódon (gresk Θερμώδων) er ei elv i distriktet Terme, nord i det sentrale Tyrkia mellom byane Ordu og Samsun. Elva renn om lag 50 km aust for kystbyen Samsun og munnar ut i Svartehavet.

Regionen består av ei frodig, heller avsidesliggande slette. Det ligg høge fjell i sør og aust og elva Yeşilırmak renn lenger vest.

I gresk mytologi låg den legendariske hovudstaden til amasonane, Themiskyra, ved elva Thermodon.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Koordinatar: 41°12′N 37°02′E