Samsun

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Samsun
by
Øvst venstre:Statue av Kemal Ataturk i Belediyeparken. Øvst høgre: SS Bandirma-museet. Midten: Ondokuz Mayis universitet. Nedst: Samsun og Svartehavet frå Balipasa
Land  Tyrkia
Region Svartehavsregionen
Provins Samsun
Del av Central Karadeniz
Koordinatar 41°17′N 36°20′E
Areal 1 055 000 000 km²
Folketal 538 106
Borgarmeister Yusuf Ziya Yılmaz
Tidssone EET (UTC+2)
 - Sommartid EEST (UTC+3)
Postnummer 55
Retningsnummer (+90) 362
Kart
Samsun
41°17′12″ N 36°19′48″ E
Wikimedia Commons: Samsun
Nettstad: www.samsun.bel.tr

Samsun er ein by med kring ein halv million innbyggjarar på nordkysten av Tyrkia. Han er provinshovudstad i provinsen Samsun og ein stor hamneby ved Svartehavet. Storbykommunen Samsun består av fire distrikt: İlkadım (312 185), Atakum (131 355), Canik (91 861) og Tekkeköy (49 245), til saman 584 646 innbyggjarar ifylgje folketeljinga frå 2011.[1] Samsun har ei moderne hamn og er den største hamnebyen til Tyrkia ved svartehavskysten. Økonomien til byen er blanda med hovudvekt på blant anna tekstilar og kunstgjødsel.[2] Byen har to universitet.

Samsun vart grunnlagt som den greske kolonien Amisos av busetjarar frå Miletos på 600-talet f.Kr. Under Mitridates VI av Pontos veksla Amisos med byen Sinop med å vere residensby for kongane i Pontos.

Namn[endre | endre wikiteksten]

Dagens namn Samsun kan kome frå det tidlegare greske namnet til byen Amisos ved ein forkorting av Eis Amisos (i tydinga «til Amisos») + ounta (gresk ending for stadnamn) til Sampsoúnta (Σαμψούντα) og deretter til Samsun[3]. Den tidlege greske historikaren Hekataios av Miletos har skrive at Amisos tidlegare vart kalla Enete, ein stad nemnt i Iliaden av Homer.[4]

Historie[endre | endre wikiteksten]

Staden hadde busetjing allereie i paleolittisk tid, den første perioden i steinalderen, og primitive steinreiskap er funnen i grottene Tekkeköy kan bli sett i det arkeologiske museet i Samsun.[5] Dei tidlegaste arkeologiske laga av ein busetnadshøgd. Busetnadshøgder blir kalla hüyük på tyrkisk, magoula på gresk, men blir oftast nemnt som tell på hebraisk eller persiske tepe i arkeologisk terminologi grunna dei mange utgravingane i Midtausten. Det referer til ei høgd i landskapet som har oppstått gjennom gjenteken busetjing. I Dündartepe har ein avslørt ei busetjing frå koparalderen. Òg busetjing frå tidleg bronsealder og hettittiske spor er funne der[6] og ved Tekkeköy.

Samsun, under namnet Amisos, vart busett av gresktalande folkesetnad i åra 760-750 f.Kr av folk frå byen Miletos,[7] som etablerte ein blømande handel med andre folk i Anatolia. Byen sin ideelle kombinasjon av fruktbar jord og grunnvatn gjorde staden tiltrekkande for både den lokale folkesetnaden og for andre handelsfolk.

På 200-talet f.Kr kom Samsun under det ekspanderande styret til kongedømmet Pontos.[8] Pontos hadde vore ein del av det verdsriket til Aleksander den store, men dette riket vart delt opp etter Aleksander døydde i 323 f.Kr. På høgda av makta si kontrollerte kongedømet den nordlege delen av sentrale Anatolia og handelsbyane ved kysten av Svartehavet.

Romarane overtok kontrollen i 47 f.Kr og vart erstatta av bysantinarane etter at Romarriket braut saman på 400-talet e.Kr.

I 1200 vart Samsun erobra av muslimske seldsjukkar og byen vart delt i tre delar: to delar muslimsk og ein del kristen. Den muslimske delen vart seinare overteke av Ilkhanatet og etter 1389 vart byen ein del av Det osmanske riket.[9]

Samsun kom inn nettverket til handelsstasjonene til den italienske bystaten Genova, men vart erobra av osmanarane på byrjinga av 1400-talet og omdøypt til «Canik». Før genovesarane forlét staden herja dei byen.[10]

I seinare osmansk periode gjekk jordbruket som omgav byen over til hovudsakleg å produsere tobakk. Byen vart knytt til jarnbanesystemet på andre halvdelen av 1800-talet, og tobakkshandelen fekk valdsam vekst.

Mustafa Kemal Atatürk etablerte den tyrkiske frigjeringsrørsla i Samsun den 19. mai 1919, og denne datoen har tradisjonelt markert byrjinga på Den tyrkiske frigjeringskrigen.

Byen er eit titulærbispedøme for både den ortodokse kyrkja og den katolske kyrkja.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Samsun er i utstrekking ein lang by som strekkjer seg langs kysten mellom to elver med utløp i Svartehavet. Han er lokalisert ved enden av ein antikk veg frå Kappadokia: Amisos låg i antikken på neset nordvest for dagens moderne by. Vest for Samsun ligg Kızılırmak («Den raude elva», i antikken kalla for Halys), ei av dei lengste elvene i Anatolia og sørgar for næringsrike avleiringar ved elvemunningen. I aust ligg Yeşilırmak («Den grøne elva», i antikken kalla for Iris) og elvemunningen til denne.

Klima[endre | endre wikiteksten]

Samsun har eit typisk klima for Svartehavet med høy og jamt fordelt nedbør året rundt. Somrane er varme og fuktige, og den gjennomsnittlege temperaturen er på rundt 27 °C i august. Vintrane er kalde og fuktige, og lågaste gjennomsnittlege temperaturen er på rundt 3 °C i januar.

Nedbøren er størst i slutten av hausten og tidleg på vinteren. Snø er ganske vanleg i månadane mellom desember og mars, men det varierer mykje frå år til år, og snødekke og temperatur ned mot frysepunktet var sjeldan lengre enn nokre dagar.

Dei varme temperaturane, som for resten av kysten av Svartehavet i Tyrkia, vekslar mellom 8° og 20 °C gjennom året.

Vêrdata for Samsun
Jan Feb Mar Apr Mai Jun Jul Aug Sep Okt Nov Des År
Gjennomsnittleg maks °C 10 11 12 15 19 23 27 27 24 21 17 13 18
Gjennomsnittleg min °C 3 3 4 7 12 16 18 18 16 13 9 6 10
Gjennomsnittleg nedbør mm 74 66 69 58 46 38 38 33 61 81 89 86 739
Gns. luftfukt (%) 68 72 77 80 82 78 74 74 75 72 71 69 74
Gns. solskinstimar i månaden 93 84 124 150 217 270 310 279 210 155 120 93 2 105
Kjelde: Bfvt. Weather [1]Weatherbase [2]

Økonomi[endre | endre wikiteksten]

Samsun har ein blanda økonomi. Det er ein lett industrisone mellom byen og flyplassen. Dei fremste produkta tilknytt medisin, møblement, tobakk (som no er avgrensa), kjemikal og bildelar.

Jarnbane- og vegnettet knyt byen med sentrale Anatolia og sender jordbruksprodukt både innland sine og utanlands. Ein underjordisk røyrleidning blir nytta for å importere naturgass frå Russland og distribuere han vidare til Ankara. Universiteta og forskingsinstitutt gjev støtte til den provinsielle jordbruket og for matproduksjonen.

Utdanning[endre | endre wikiteksten]

Det er to universitet i Samsun: Ondokuz Mayıs og Canik Badşarı.

Spora og idrett[endre | endre wikiteksten]

Fotballklubben til byen er Samsunspor som spelar kampane sine på Samsun 19 Mayıs Stadion. Samsunspor var vinnaren av det siste vinnaren av Balkancupen for sesongen 1993–1994 kor dei sigra over eit lag frå Hellas.

Venskapsbyar[endre | endre wikiteksten]

Samsun er venskapsby med:

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Türkiye istatistik Kurumu; Adrese Dayalı Nüfus Kayıt Sistemi, Nüfus Sayımı Sonuçları, Adressebasert folketellingssystem
  2. «Economy»[daud lenkje], Kultur.gov.tr
  3. Öztürk, Özhan (2005): Karadeniz: Ansiklopedik Sözlük («Blacksea: Encyclopedic Dictionary»). 2 Cilt (2 bind). Heyamola Publishing. Istanbul. ISBN 975-6121-00-9
  4. Enete, Eneti, eller Heneti er òg namnet på region i antikken i nærleiken av Paflagonia som er nemnt av Strabon, men allereie i tida hans hadde folkesetnaden der forsvunne, jf si.edu/hoppar/text?doc=Perseus:text:1999.01.0198:book=12:chapter=3&highlight=thracian%2Ceneti Strabon, 12.3[daud lenkje]
  5. 2/22202-museum-ancient-cities.html Samsun Museum sitt[daud lenkje]
  6. Culture[daud lenkje]
  7. «History»[daud lenkje]
  8. Culturel Details of Samsun[daud lenkje]
  9. «Samsun»[daud lenkje], Imescon.org
  10. Öztürk, Özhan (2011): Pontus: Antikçağ'dan günümüze Karadeniz'in Etnik ve siyasi Tarihi. Genesis Kitap. Ankara, s.463-467

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Samsun