Thiruvananthapuram

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Koordinatar: 8°29′15″ N 76°57′7″ E
Thiruvananthapuram
Malayalam: തിരുവനന്തപുരം, Trivandrum
by
none  Utsyn mot Keralas lovgivende forsamling i Thiruvananthapuram
Utsyn mot Keralas lovgivende forsamling i Thiruvananthapuram
Land Flag of India.svg India
Delstat Kerala
Distrikt Thiruvananthapuram
Koordinatar 8°29′15″ N 76°57′7″ E
Areal 141,74 km²
Folketal 744 739 (2001)
Wikimedia Commons: Thiruvananthapuram

Thiruvananthapuram (tidlegare kalla Trivandrum) er hovudstad i den indiske delstaten Kerala og administrasjonssentrum i Thiruvananthapuram distrikt. Byen ligger heilt sør i Kerala, på sørvestkysten av India, og rundt 8 mil nordvest for sørspissen av India.

Byen hadde 752 490 innbyggjarar ved folketeljinga i 2011,[1] 1 687 406 om ein rekner med forstader.[2] Det mest utbreidde språket her er malayalam, som i resten av Kerala.

Historie og stilling[endre | endre wikiteksten]

Namnet «thiru-anantha-puram» tyder 'byen til Anantha' og viser til gudefiguren i Padmanabhaswamytempelet som ligg sentralt i byen. Tempelet er rundt 2 000 år gammalt. Byen blei gjort til hovudstad av kong Marthandavarma i 1729, og var hovudstad i Travancore frå 1745. Då Kerala blei eigen delstat i 1956 var byen eit naturleg val som delstatshovudstad. Han er erkebispesete både for den katolske kyrkja og den syro-malankariske kyrkja, som har eksistert i Kerala i fleire hundre år.

Byen blei kalla «Trivandrum» av britane, som var aktive i byen sjølv om kongeriket aldri var direkte underlagt det britiske imperiet. I 1991 blei namnet offisielt bytta tilbake til malayalamnamnet Thiruvananthapuram.

Institusjonar og næringsliv[endre | endre wikiteksten]

Arbeidarar framfor ein del av Napier-museet i indo-sarasensk stil frå kolonitida i dyrehagen i Thiruvananthapuram.

Byen huser fleire statlege bygg, kontor, organisasjonar og verksemder. Thiruvananthapuram er også eit akademisk sentrum med fleire høgare utdanningsinstitusjonar som Universitet i Kerala frå 1933, Vikram Sarabhai Space Centre (VSSC), Technopark og Det indiske instituttet for romvitenskap og teknologi (IIST). I tillegg finst fleire museum, ein botanisk hage og ein dyrehage.

Vizhinjam-hamna

Thiruvananthapuram er også ein viktig hamneby med kystfiske og handel. Det blir mellom anna utført kopra og titanjernstein herfrå. Det finst også ein bomulls- og silkeindustri.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]