Thomas Bayes

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Thomas Bayes

Fødd1702
London
Død17. april 1761
Royal Tunbridge Wells
NasjonalitetKongeriket Storbritannia
Områdesannsynsrekning, matematikk
Yrkematematikar, statistikar, geistleg, filosof
Alma materUniversity of Edinburgh
MedlemRoyal Society

Thomas Bayes (ca. 170217. april 1761) var ein britisk matematikar og statistikar. Han var den første som indikerte asymptotiske eigenskapar ved rekkjeutviklingar, men mest kjend for handsaminga av betinga sannsyn. Bayes viste korleis ein kan rekne ut «inverse» sannsyn, ved det som no vert kalla Bayes-teoremet. Dette gav opphav til Bayes-analyse.

Eit døme på bruk av Bayes-teoremet er ved diagnose av sjeldne sjukdommar. Tenk at p prosent av folkesetnaden har sjukdommen A. Viss ein diagnosetest er positiv med sannsyn 0,99 for ein person som har sjukdommen, og positiv med sannsyn 0,001 for ein frisk person, så seier Bayes-teoremet at sannsynet for at ein tilfeldig vald person med eit positivt testresultat har sjukdommen A er lik

Viss til dømes 1 av 10 000 har sjukdommen A (p = 0,01), så blir P+ = 0,09.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]