Thomas Wessinghage

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Thomas Wessinghage


Statsborgarskap Tyskland
Fødd 22. februar 1952 (71 år)
Hagen i Tyskland
Idrett friidrett
Tok del i

Sommar-OL 1976, Sommar-OL 1972

Utmerkingar

Bislett-medaljen

Thomas Wessinghage (fødd 22. februar 1952) er ein tysk tidlegare mellom- og langdistanseløper frå Hagen som representerte Vest-Tyskland. Han vart europameister på 5 000 meter i 1982.

I 1974-sesongen sette Wessinghage personbeste på 1500 meter med 3.39,0 og han vann bronsemedaljen på distansen ved Friidretts-EM i Roma. Etter å ha vorte fjerdemann på 1500 meter ved EM 1978 i Praha, var han i sitt livs form i 1980. Han fekk ikkje delta i Sommar-OL 1980, ettersom Vest-Tyskland boikotta leikane. Derimot sette han tysk rekord med 3.31,58 då Steve Ovett i samløp sette verdsrekord med 3.31,36 i Koblenz den 27. august 1980. Under europameisterskapen i Athen i 1982 spurta Wessinghage inn til gullmedalje på 5 000 meter. Året etter kom han på sjetteplass på same distansen i VM i friidrett 1983. Hans personlege rekord på 5 000 m på 13.12,7 er frå 1982.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]