Steve Ovett

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Steve Ovett

Ovett (388) under Sommar-OL 1984
Statsborgarskap Storbritannia
Fødd 9. oktober 1955 (68 år)
Brighton
Yrke mellomdistanseløpar, friidrettsutøvar
Språk engelsk
Høgd 183 centimeter
Steve Ovett på Commons

Stephen Michael James Ovett, kjend som Steve Ovett, (fødd 9. oktober 1955) er ein tidlegare britisk friidrettsutøvar frå Brighton. Han vart olympisk meister på 800 m i 1980 og europameister på 1500 m i 1978.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Ovett overraska og tok sølvmedaljen på 800 meter i europameisterskapen 1974, bak suverene Luciano Sušanj frå Jugoslavia. To år seinare vart han nummer fem på same distansen under dei olympiske leikane i Montreal. Frå 1977 var han verdas beste 1500-meterløpar, noko han viste prov for då i september vann IAAF-finalen i Düsseldorf på britisk rekord 3.34,4. Fram til den olympiske finalen i 1980 vann han samtlege 1500-meterløp han deltok i. Ovett vart europameister på 1500 meter i 1978, og tok nok ein gong sølvmedaljen på 800 meter.

Under Sommar-OL 1980 i Moskva vann Ovett gullet på 800 meter, framom landsmannnen Sebastian Coe. Dei to britane kniva i fleire år om å vere verdseinar på mellomdistansane, men berre fattige sju gongar møttest dei i direkte tevling. På spesialdistansen 1500 meter måtte Ovett nøye seg med bronse, bak nettopp Coe og austtyske Jürgen Straub. På tampen av OL-sesongen sette han ny verdsrekord på 1500 m med 3.31,3.

I 1981-sesongen veksla Ovett og Coe på å sette verdsrekord på «ei engelsk mil». Utan å møtest i løp, forbetra Coe verdsrekorden to gongar og Ovett ein gong i mellomtida, alt saman i løpet av ni døgn. Sesongen etter var Ovett noko plaga av skade, men 4. september 1983 gjorde han i Rieti sitt livs løp på 1500 m og forbetra verdsrekorden til 3.30,7. Under OL 1984 i Los Angeles sleit han med astma og enda sist i finalen på 800 meter. Han kvalifiserte seg også til finalen på 1500 meter, der han «sprakk» ei runde før målgang.

Seinare satsa Ovett på 5 000 meter, og deltok i tre internasjonale meisterskap i 1986 og 1987. Størst suksess på distansen hadde han då han i august 1986 vann Samveldeleikane i Edinburgh.

Ovett la opp i 1990. Han er i dag busett i Australia.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap[endre | endre wikiteksten]

Personlege rekordar[endre | endre wikiteksten]

  • 800 m: 1.44,09 (1978, Praha)
  • 1500 m: 3.30,7 (1983, Rieti)
  • 3000 m: 7.41,3 (1977, Wattenscheid)
  • 5000 m: 13.20,0 (1986, Belfast)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]