Thorbjørn Kultorp

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Thorbjørn Kultorp
Fødd19. oktober 1929
Skjeberg
Død25. april 2004
Statsborgar avNoreg
PartiArbeidarpartiet
Yrkepolitikar

Thorbjørn Kultorp (19. oktober 192925. april 2004) var ein norsk politikar frå Skjeberg i Østfold som var aktiv for Arbeidarpartiet.

Kultorp var son til ein «carbidarbeider» på Hafslund karbidfabrikk. Sjølv gjekk han tidleg inn i organisasjonslivet og engasjerte seg politisk. Frå 1959 til 1971 var medlem av kommunestyret i Skjeberg, der han var varaordførar i den siste fireårsperioden.

Ved stortingsvalet 1969 kom Kultorp inn på Stortinget for Østfold og Arbeidarpartiet. Her fekk han sete i Kyrkje- og undervisningskomitéen, ein komité har var verande i, så lenge han hadde stortingsplass. Etter tre periodar på Tinget gjekk han ut i 1981.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]