Thoritt

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Thoritt
Thorite-288916.jpg
Thorittkrystall fra Kemp urangruve i Ontario (storleik: 2.2 x 2.2 x 1.6 cm)
Generelt
KategoriSilikatmineral
Kjemisk formel(Th,U)SiO4
KrystallsymmetriTetragonal - ditetragonal dipyramidal (4/m 2/m 2/m)
Einingscellea = 7.13 Å, c = 6.32 Å; Z = 4
Identifikasjon
FargeGul-oransje, brungul, brunsvart, svart
KrystallformI firkanta prisme, eller pseudo-åttesidige krystallar; òg massive
KrystallsystemTetrahedral
Kløyvtydeleg på {110}
BrotMuslig
FastleikSprø
Mohs hardleiksskala4,5-5
Glansglasaktig til harpiksaktig
StrekfargeLysoransje til mørkebrun
TransparensNesten ugjennomsiktig, gjennomsiktig i tynne fragment
Spesifikk vekt6.63 - 7.20
Optiske eigenskapar
Optiske eigenskaparEinaksa (-)
Brytingsindeksnω = 1.790 - 1.840 nε = 1.780 - 1.820
Dobbeltbrytingδ = 0.010 - 0.020
Endrar seg tilvanlegvis metamikt
Andre eigenskaparRadioaktiv
Kjelder[1][2][3]

Thoritt er eit radioaktivt mineral som består av thoriumsilikat, ThSiO4. Fargen er vanlegvis brun til svart, eller oransjegul hos varieteten orangitt. Mineralet er tetragonalt og isotypt med zirkon og thorogummitt. Ein uranrik varietet blir kalla uranothoritt.

Både thoritt og orangitt er originalskildra frå norske førekomstar, høvesvis i 1829 og 1851. Mineralet finst på pegmatittgangar, dels nefelinsyenittiske (Langesundsfjorden), dels granittiske (særleg ved Arendal). Før dei store førekomstane av monazittsand i Brasil og andre stader vart funne, var thoritt den viktigaste kjelda for framstilling av thoriumoksid, som vart nytta til glødehetter i såkalla auerbrennerar. Thoritt var då særs etterspurt og vart produsert frå fleire norske førekomstar.

Ei langt sjeldnare form av ThSiO4 har monoklin monazittstruktur. Denne er ikkje funnen i Noreg.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • «Thoritt». Store norske leksikon. 11. mars 2012. Henta 14. februar 2014. 
  • «Orangitt». Store norske leksikon. 18. januar 2013. Henta 14. februar 2014. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Thoritt