Thorvald Mejdell

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Thorvald Mejdell
Fødd 21. september 1824
Død

28. oktober 1909 (85 år)

Yrke forstmann

Thorvald Mejdell (21. september 182428. oktober 1908) var ein norsk forstmann frå Ringsaker.

Far til Mejdell var offiser i militærvesenet. Sjølv tok han andreeksamen i 1842, og vart cand.min./mineralog i 1847. I åra fram til 1852 var han så skogforvaltar for Kongsberg Sølvverk.

Deretter studerte Mejdell i tre år ved forstakademiet i Tharandt i kongeriket Sachsen. I 1855 vart han hyrt til rådgjevar i Indredepartementet. Saman med Jacob B. Barth vert han rekna som grunnleggjar av skogforvaltninga i Noreg. Han var forstmeister i Hedmark frå 1857 og i tida 1861-75 også for dei skogseigedomane Kyrkjedepartementet rådde over. Deretter arbeidde Mejdell i tida 1875 til 1892 for det privateigde skogselskapet Kiær & Co.

Mejdell gav i 1858 ut boka Om Norges Skove. Han levde ugift, og døydde 84 år gammal i Kristiania.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]