Tidsskrift for Den norske lægeforening
Utsjånad
Tidsskrift for Den norske lægeforening | |||
Oppretta | 1881 | ||
---|---|---|---|
Språk | norsk, engelsk, fleire språk | ||
Nettstad | http://www.tidsskriftet.no/, http://tidsskriftet.no/ |
Tidsskrift for Den norske legeforening, ofte berre kalla «Tidsskriftet», er eit fagblad som vert gjeve ut av Den norske legeforening.[1] Det kjem ut 15 gonger i året og vert sendt til alle medlemmar av foreininga, i tillegg til nokre bibliotek, sjukehus og institusjonar. Alt innhaldet vert også gjeve ut på nettstaden tidsskriftet.no, der det er fritt tilgjengeleg.[1]
Tidsskriftet er utgjeve av ein uavhengig redaksjon som er underlagt Legeforeningen. Bladet rommar ei rekkje artiklar om ny medisinsk kunnskap og debatt om utdanninga og arbeidet til lækjarar, i tillegg til omtale av doktorgrader og medisinsk litteratur. Det vert òg bruka som lysingsblad for ledige legestillingar.
Opplaget i 2024 var på rundt 32 260.[1]
Redaktørar
[endre | endre wikiteksten]- Ole Kristian Harlem (1962–1987)
- Magne Nylenna (1987–2001)
- Charlotte Haug (2002–2015)[2]
- Are Brean (2015–)
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ 1,0 1,1 1,2 «Om Tidsskriftet | Tidsskrift for Den norske legeforening», tidsskriftet.no (på norsk bokmål), henta 13. mars 2025
- ↑ journalisten.no Legeforeningen: Munnkurv om redaktøravgang 12.02.2015