Tiksotropi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Tiksotropi er eigenskapen hjå ei væske til å verta meir lettflytande ved omrøring eller risting, medan ho tjuknar når ho står i ro. Mange kolloid og gelar er tiksotropiske.

Nokre typar leire har også denne eigenskapen. Dette kan ha alvorlege følgjer ved jordskjelv som kan råka bygningar og jord i form av skred. Døme på dette er slaggskredulukka i Aberfan i Wales i 1966 og fleire større og mindre skred i Lyme Regis i Devon. Liknande hendingar er såkalla lahar, skred av jord som er gjort flytande gjennom vulkansk aktivitet.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Spire Denne kjemiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.