Tilnamn

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Tilnamn er namn ein person har ved sidan av det eigentlege namnet, i eldre norsk namnetradisjon vil det seie eit namn ved sida av fornamnet. Tilnamnet tener til å identifisere beraren, i nokre høve òg til å karakterisere han.

Tilnamn vert i nordisk tradisjon delte i fire grupper:

  1. Tilnamn som viser til personlege eigenskapar eller handlingar: Olav Digre, Øyvind Skaldespille, Asbjørn Selsbane
  2. Tilnamn som viser til bustad eller heimstad: Hårek på Tjøtta, Tora frå Romol
  3. Tilnamn som viser til familieforhold: Olav Haraldsson, Orm Kongsbror, Håkon Adalsteinsfostre
  4. Tilnamn som viser til stilling eller yrke: Karl Bonde, Sigvat Skald, Håkon jarl

I eldre tid vart kvar person gjeve eitt namn, ofte kalla døypenamnet. Somme namn vart brukte av svært mange namneberarar. For å få ein sikker identifikasjon av personen, kunne det vere naudsynt med eit tilnamn ved sida av det eigentlege personnamnet.

I norsk skrifttradisjon er tilnamna oftast plassert etter personnamnet, men i munnleg tradisjon var det i mange delar av landet vanleg å plassere tilnamnet framfor personnamnet, som i desse døme frå Helgeland: Rik-Jo (Jon den rike), Kam-Søren (Søren frå Kammen), Alet-Jo (Jo, son til Alet), Skul-Svend (Svend skulelærar).

Tilnamn i alle kategoriane kan sidan ha gitt opphav til nedervde slektsnamn, som Vinka, samisk slektsnamn, opphavleg tilnamn, Haugen, Bjørnson og Smith (smed). Bruken av etternamn og titlar har sidan fjerna behovet for tilnamn for å identifisere personar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Gudlaug Nedrelid i Titlar og tilnamn i Heimskringla, Namn og nemne 26-2009