Helgeland

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Nordhelgelandsflesa på grensa mellom Gildeskål og Meløy er tradisjonell nordgrense for Helgeland

Helgeland er ein region i Nordland fylke som går frå grensa til Nord-Trøndelag i sør og opp til Saltfjellet og området Salten i nord. Regionen har rundt 78 000 innbyggjarar og dekker litt under 18 000 km². Han omfattar kommunane Alstahaug, Bindal, Brønnøy, Dønna, Grane, Hattfjelldal, Hemnes, Herøy, Leirfjord, Lurøy, Meløy, Nesna, Rana, Rødøy, Vefsn, Vega, Sømna, Træna og Vevelstad. Regionen har ikkje nokon eigen administrasjon, men kommunane har mykje samarbeid seg imellom.

Namnet Helgeland har same opphav som «Hålogaland». Tidlegare blei òg Meløy kommune rekna å høyra til Helgeland, men i dag blir han sett på som ein del av Salten.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Kystområda på Helgeland har ein vidstrakt skjergard med fjorder som strekker seg eit godt stykke innover i regionen. Innover mot grensa til Sverige finst det store skog- og fjellområde, med Oksskolten som det høgaste fjellet.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]