Timebox

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Timebox
OpphavSouthport i England
Aktiv1965–1970
SjangerPsykedelisk pop
Tilknytte artistarPatto
PlateselskapPye, Piccadilly Records, Deram
Tidlegare medlemmerOllie Halsall
Clive Griffiths
Chris Holmes
Kevan Fogarty
Geoff Dean
Richard Henry
Andy Petre
Mike Patto
John Halsey

Timebox var eit engelsk psykedelisk pop-band i 1960-åra. Dei vart skipa i oktober 1965 i Southport i Lancashire.

Karrriere[endre | endre wikiteksten]

Bandet heite opphavleg The Take 5 og vart skipa av vibrafonisten og seinare gitaristen Ollie Halsall, pianisten og organisten Chris Holmes, sologitaristen og vokalisten Kevan Fogarty, bassisten Clive Griffths og trommeslagaren Geoff Dean. Bandet flytta til London i oktober 1966 og arbeidde etter kort tid på pakketurnear med The Kinks, The Small Faces, Tommy Quickly og Lou Christie, i tillegg til at dei spelte fast på Whisky A Go Go. Dei fekk så ein amerikansk songar, Richard Henry, og byta namn til Timebox. I februar 1967 fekk dei kontrakt med Piccadilly Records og gav ut debutsingelen «I'll Always Love You» / «Save Your Love».

Etter dette drog Henry attende til USA og Geoff Dean pådrog seg tuberkulose og vart erstatta av Andy Petre. I april det året gav dei ut den instrumentale singelen «Soul Sauce» / «I Wish I Could Jerk Like My Uncle Cyril». Mike Patto kom så inn i bandet og tok ei framståande rolle i bandet som vokalist og låtskrivar. Då Petre slutta tok John Halsey over på trommer.

Dei spelte inn to singlar for Piccadilly, før dei fekk kontrakt med Deram i 1967. Dei spelte inn fem singlar for Deram mellom 1967 og 1969 og spelte på BBC-program som Noise at Nine, Stuart Henry on Sunday og Jimmy Young. Den einaste hitten deira på UK Singles Chart var ein coverversjon av The Four Seasons-songen «Beggin'», som nådde 38. plassen på lista i juli 1968.[1] Etter den siste singelen deira vart mislukka i 1970, slutta Chris Holmes (han vart seinare med i Babe Ruth),[2] og dei andre medlemmane fortsette under namnet Patto.

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

Singlar[endre | endre wikiteksten]

  • «I Will Always Love You» / «Save Your Love» (1967, Piccadilly)
  • «Soul Sauce» / «I Wish I Could Jerk Like My Uncle Cyril» (1967, Piccadilly)
  • «Don't Make Promises» / «Walking Through the Streets of My Mind» (1967, Deram)
  • «Beggin'» / «A Woman That's Waiting» (1968, Deram)[1]
  • «Girl Don't Make Me Wait» / «Gone Is the Sad Man» (1968, Deram),[3] som er gjeven ut på Nuggets II
  • «You Better Run» (45) (1968, Deram)
  • «Baked Jam Roll in Your Eye» / «Poor Little Heartbreaker» (1969, Deram)
  • «Yellow Van» / «You've Got the Chance» (1969, Deram)

Album[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Roberts, David (2006). British Hit Singles & Albums (19th utg.). London: Guinness World Records Limited. s. 560. ISBN 1-904994-10-5. 
  2. «Babe Ruth Band Online». Baberuthband.com. Henta 4. august 2019. 
  3. Discogs - Girl Don't Make Me Wait (1968, 7"-single)