Musikkgruppa Babe Ruth

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Babe Ruth
OpphavHatfield i Hertfordshire i England
Aktiv1970–1976, sidan 2005
SjangerBluesrock, progressiv rock
PlateselskapHarvest Records
MedlemmerJenny Haan
Dave Hewitt
Alan Shacklock
Dave Punshon
Tidlegare medlemmerJeff Allen
Dick Powell
Ed Spevock
Chris Holmes
Steve Gurl
Bernie Marsden
Ellie Hope
Ray Knott
Simon Lambeth

Babe Ruth er eit rockeband frå Hatfield i Hertfordshire i England. Dei var aktive i første halvdel av 1970-åra, men kom saman att i 2005.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Ein føregangar til gruppa, kalla Shacklock etter gitaristen Alan Shacklock, vart skipa i 1970. Medlemmane inkluderte Jenny Haan og Dave Hewitt, før Dave Punshon og Dick Powell seinare kom inn. Den første utgjevinga deira var singelen «Wells Fargo». Det første albumet deira, First Base, selde til gullplate i Canada. I 1973 erstatta Ed Spevock Powell og Chris Holmes erstatta Punshon for det andre albumet, Amar Caballero. I 1975 erstatta Steve Gurl, klaverspelar frå Glenn Cornick sitt Wild Turkey Holmes for det tredje albumet, Babe Ruth. Same året slutta Shacklock i bandet for å bli plateprodusent og Bernie Marsden (Wild Turkey) kom med i gruppa for det fjerde albumet, Stealin' Home. Etter dette albumet slutta Haan og Hewitt.

Sjølv om det ikkje var nokre originale medlemmar att, henta gruppa inn Ellie Hope og Ray Knott for det femte albumet sitt, Kid's Stuff i 1976. Kort tid før Babe Ruth vart oppløyst, fekk dei med seg den unge, 17 år gamle Simon Lambeth, som spelte nokre gonger med dei på den siste turneen deira. Marsden vart med i Whitesnake og Lambeth slutta i bandet.

Singelen deira «Elusive», vart ein populær song i Northern soul-miljøet. I USA vart «Elusive» òg ein hit på discoklubbane og nådde 12. plassen på National Disco Action-lista.[1]

Ein discoversjon av Babe Ruth sin «The Mexican» kom ut seint i 1970-åra, framført av The Bombers. Denne versjonen inspirerte ein electro/freestyle-versjon skapt av Jellybean Benitez i 1984, der han fekk Haan til å syngje. Denne versjonen vart populær som ein undergrunns dance-hit.

Mellom seint i 2005 og tidleg i 2006, kom Haan (no kalla Janita Haan Morris), Hewitt, Shacklock og Punshon saman att for å spele inn nye songar i Nashville,[2] medan Spevock spelte inn trommene sine i London. Albumet, kalla Que Pasa, var ferdig i september 2006, og vart tilgjengeleg digitalt på den offisielle nettsida til bandet. I 2009 kom albumet ut i fysisk format på Revolver Records.

Bandet la ut på ein suksessrik turné i Canada i juli 2010.

Den 28. juni 2014 spelte Babe Ruth ein enkelt konsert på Summerfest i Milwaukee.

Medlemmar[endre | endre wikiteksten]

Noverande medlemmar
  • Jenny Haan - vokal (1970–1975, sidan 2005)
  • Dave Hewitt - bass og vokal (1970–1975, sidan 2005)
  • Alan Shacklock - gitar, vokal, orgel, perkusjon og strykearrangement (1970–1975, sidan 2005)
  • Dave Punshon - elektrisk piano og piano (1971–1973, sidan 2005)
  • Ed Spevock - trommer (sidan 1973)
Tidlegare medlemmar
  • Jeff Allen - trommer (1970–1971)
  • Dick Powell - trommer og perkusjon (1971–1973)
  • Chris Holmes - klaverinstrument (1973–1975)
  • Steve Gurl - klaverinstrument (1975–1976)
  • Bernie Marsden - gitar (1975–1976)
  • Ellie Hope - vokal (1975–1976)
  • Ray Knott - bass (1975–1976)
  • Simon Lambeth - gitar og korvokal (1976)

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

Studioalbum[endre | endre wikiteksten]

Singlar[endre | endre wikiteksten]

  • «Wells Fargo» / «Theme from 'A Few Dollars More'», 1972, Harvest HAR 5061
  • «Ain't That Livin'» / «We Are Holding On», 1973, Harvest HAR 5072
  • «If Heaven's On Beauty's Side» / «Doctor Love», 1974, Harvest HAR 5082
  • «Wells Fargo» / «The Mexican», 1974, Harvest HAR 5087
  • «Private Number» / «Somebody's Nobody», 1975, Harvest HAR 5090
  • «Elusive» / «Say No More» (Spevock / Gurl), 1976, Capitol CL-15869
  • «The Duchess of New Orleans» / «The Jack O'Lantern» / «Turquoise», 1976, Harvest SPSR 377

Sjå også[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Whitburn, Joel (2004). Hot Dance/Disco: 1974-2003. Record Research. s. 26. 
  2. Bobbyshred.com Arkivert 14. januar 2006 ved Wayback Machine.
  3. 3,0 3,1 3,2 Billboard, Allmusic

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]