Timo Simonlatser

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Timo Simonlatser

Timo Simonlatser at Tour de Ski.jpg

Statsborgarskap Estland
Fødd 17. mai 1986
Rakvere
Idrett langrenn
Yrke langrennsløpar

Timo Simonlatser (fødd 17. mai 1986 i Rakvere) er ein estisk langrennsløpar som har styrken sin i sprint. Han bur i Tamsalu og representerer skiklubben Skiclub Tamsalu AO.

Simonlatser debuterte i verdscupen i sesongen 2005/06 på sprinten i Otepää. Han tok dei fyrste verdscuppoenga sine ved å verte nummer 18 på sprinten i Kuusamo ein sesong seinare. Simonlatser deltok på sprinten under VM i 2007 og 2009, og han fekk høvesvis 24. og 39. plass.

Den beste sesongen hans i verdscupen samanlagt var sesongen 2006/07, då han vart nummer 82 samanlagt og nummer 38 i sprintcupen. Dei beste enkeltresultata i verdscupen er to tolvteplassar på sprinten i Otepää i sesongen 2007/08 og sprinten i Düsseldorf i sesongen 2008/09. I tillegg har han ein sjuandeplass på sprinten i Praha frå Tour de Ski 2007/08 (biletet).

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]