Tinikling

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Tiniklingdansarar

Tinikling er ein filippinsk folkedans. Dansen går føre seg ved at to personar held i to tjukke bambusrøyr. Desse blir haldne like over bakken og slått mot kvarande og mot bakken. Dansarane utfører trinna sine over og kring bambusrøyra medan dei blir flytta.[1][2][3]

Bandrikse (Gallirallus philippensis), ein av fuglane kjende som tikling på Filippinane.

Namnet «tinikling» tyder bokstavelg 'å opptre som ein tikling',[4] og viser til fuglen tikling. Dette er eit lokalt namn fleire fuglar i riksefamilienGallirallus striatus, Gallirallus philippensis og Gallirallus torquatus.[5] Fuglane er kjende for å vera lette på foten medan dei går over grasstrå og tregreiner og kjem seg unna bambusfellene til risbøndene. Dansarane imiterer dei grasiøse rørslene til fuglen ved å manøvrera mellom store bambuspålar.[6]

Dansen skal ha oppstått som ein imitasjon av tikling-fuglen på øya Leyte sentralt i landet. Folkedansen blir i dag også brukt til oppvising knytt til filippinsk kultur, til dømes i samband med den filippinske sjølvstendedagen.[7] Han blir også mykje brukt i grunnskular, ettersom han er ei fysisk øving som krev liknande koordinasjon som til dømes hoppetau.[8]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «TinikleIdeas». people.bethel.edu. Henta 2. august 2017. 
  2. «ANGUISH TO ART: Tinikling, the Philippine National Dance | Griots Republic». Griots Republic (på engelsk). 6. juni 2017. Henta 2. august 2017. 
  3. «tinikling | dance». Encyclopedia Britannica (på engelsk). Henta 2. august 2017. 
  4. «Researchers probe possible origin of "tinikling" folkdance in Leyte.». Philippine Information Agency. 8. august 2006. Henta 15. januar 2008. 
  5. Robert S. Kennedy; Pedro C. Gonzales; Edward C. Dickinson; Hector C. Miranda, Jr.; Timothy H. Fisher (2000). A Guide to the Birds of the Philippines. Oxford University Press. s. 76–77. ISBN 9780198546689. 
  6. Horowitz, Gayle L. (2009). International Games: Building Skills Through Multicultural Play. Human Kinetics. s. 74. ISBN 9780736073943. 
  7. «Tinikling Revolution». Brown Nation website. 6. november 2008. Arkivert frå originalen 31 October 2010. Henta 7 November 2012. 
  8. «Tinikling Dance Music Recording: Filipino Culture». TAGALOG LANG (på engelsk). 20. juli 2017. Henta 2. august 2017.