Riksefamilien

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Riksefamilien
Åkerrikse, Crex crex Teikning av Johann Friedrich Naumann, 1899
Åkerrikse, Crex crex
Teikning av Johann Friedrich Naumann, 1899
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Megaklasse: Beinfiskar Osteichthyes
Overklasse: Tetrapodar Tetrapoda
Klasse: Fuglar Aves
Underklasse: Neognathae
Overorden: Neoaves
Orden: Tranefuglar Gruiformes
Familie: Riksefamilien Rallidae
Vigors, 1825

Riksefamilien, rikser (Rallidae) er ein stor biologisk familie i ordenen tranefuglar (Gruiformes) av små til mellomstore fuglar med kort og rund kropp. Dei har breie og korte venger. Familien viser monaleg mangfald og omfattar òg pupurhøner og sothøner. Mange artar er knytte til våtmarker, sjølv om familien er funnen i alle habitat på bakken, med unnatak av tørre ørkenar, polare regionar og alpine område over snøgrensa. Medlemmer av riksefamilien finst på alle kontinenta unntatt Antarktis. Det er mange artar med leveområde på isolerte øyar. Vanlege habitat er myr eller tett skog, dei føretrekk ofte tett vegetasjon.[1]

Morfologi[endre | endre wikiteksten]

Takahe (Porphyrio hochstetteri) viser dei korte, mjuke og luftige vengefjørene som er typiske for rikser utan flygeevne
Foto: Glen Fergus

Rikser er ein ganske homogen familie av små til mellomstore bakkelevande fuglar. Dei varierer i lengd frå 12 til 63 centimeter og i vekt frå 20 til 3000 gram. Utforminga av nebbet er variabelt innanfor familien: Hos nokre artar er det lengre enn hovudet, som hos klaprerikse, i andre kan det vere kort og breitt som blant sothøner, eller massivt, som hos purpurhøner.[2] Nokre sothøner, purpurhøner og sivhøner har eit frontalt skjold, som er ei kjøttfull forlenging av øvre nebb som dekkjer framhovudet. Det mest komplekse frontalskjoldet finst hos hornsothøne.[3] Rikser viser svært liten kjønnsdimorfisme både i fjørdrakt og i storleik.

Vengene på alle rikser er korte og avrunda. Artane som har flygeevne kan halde seg i flukt over lengre tid, og mange artar migrerer årleg. Men veikskapen ved flyginga deira gjer at dei lett blir blåsne ut av kurs, og dermed er dei vanlege streiffuglar, ein eigenskap som òg har ført til at dei har kolonisert mange isolerte oseaniske øyar. Vidare vil desse fuglane ofte føretrekke å springe i staden for å flyge, spesielt i tette habitat. Nokre er òg utan flygeevne i ein del av myteperioden.[4]

Mange med leveområde på isolerte øyar er utan flygeevne fordi små øyhabitat utan predatorar eliminerer trongen til å flytte seg snøgt. Flyging er energikrevjande, brystbeinkammen og flygemusklane tar opp ein fjerdedel av kroppsmassen av rikseartar. Reduserte flygemusklar, med ei tilsvarande senking av metabolske krav, sparer riksene som ikkje kan flyge for energibruk.[5] På grunn av dette, kan fuglar utan flygeevne lettare overleve og kolonisere ei øy der ressursar elles er avgrensa.[6] Tap av flygeevne kan utvikle seg svært raskt hos øyartar, det tok så lite som 125 000 år for den no utdøydde laysanriksa, Porzana palmeri, å miste evna til flyging og å utvikle reduserte, butte venger berre nyttige for å halde balansen til fots.[7]

Åtferd og økologi[endre | endre wikiteksten]

Generelt er medlemmer av riksefamilien allsidige altetande. Mange artar et virvellause dyr, og dessutan frukt eller frøplanter. Nokre artar er i hovudsak vegetariske.[1] Lydytringar frå artar i riksefamilien varierer, dei er ofte ganske høglydde. Lætet er nokre fløyteliknande eller pipande tonar, medan andre ikkje liknar fuglelæte.[8] Rikseartar som trekkjer gjer det på natta.

Dei mest typiske familiemedlemmene okkupere tett vegetasjon i fuktige omgivnader nær innsjøar, sumpar eller elvar. Takrøyrbelte er spesielt nytta habitat.

Dei fleste hekkar i tett vegetasjon. Generelt er dei skye, lydlause og vanskelege å observere. Typisk spring riksene energisk på sterke bein, og har lange tær som er godt tilpassa mjuke, ujamne overflater. Sjølv om dei er generelt svake flygarar, er dei likevel i stand til å dekke lange avstandar.

Mange artar i takrøyrbeltet er lydlause, bortsedd frå når dei nyttar rop, og dei er aktive i tussmørke. Sothøner er meir tilpassa opne vatn enn slektningane, og nokre andre store artar er sultanhøne og sivhøner. Den største riksa er arten takahe, på 65 cm og 2,7 kg.

Reproduksjon[endre | endre wikiteksten]

Hekkebiologien for mange rikseartar er dårleg forstått eller er ukjent. Dei fleste blir trudd å vere monogame, sjølv om polygyni og polyandri har vorte rapportert.[9] Som oftast legg dei fem til ti egg. Kullstorleikar frå eit til femten egg er kjende.[9] Ungane sym eller går etter nokre dagar, ofte er dei avhengige av foreldra sine fram til dei kan flyge etter rundt ein månad.[3]

Trugsmål og vern[endre | endre wikiteksten]

Guamrikse er eit døme på ein øyart som vart sterkt påverka av framande artar
Foto: /US Fish & Wildlife Service

Rikser har lidd uforholdsmessig frå menneskelege endringar i miljøet, og det er estimert[treng kjelde] at fleire hundre artar av rikser med utbreiing på øyar har vorte utrydda på grunn av dette. Fleire øyartar av rikser er framleis truga, og naturvernorganisasjonar og styresmakter held fram med å arbeide for å motverke utrydding.

Nokre større, og talrike artar er jaktfuglar for menneske og egga blir nytta som matkjelde.[10] Wakerikse, Gallirallus wakensis blei jakta til utrydding av ein svolten japansk garnison etter at Wakeøya blei avskoren frå forsyningar under den andre verdskrigen.[11] Minst to artar, sivhøne og amerikapurpurhøne, har blitt vurdert å vere skadedyr.[10]

Ettersom mange av øyartane har hatt ein tendens til å tape flygeevna, var dei vore ute av stand til å takle introduserte artar. Dei mest dramatiske menneskeskapte utryddingane skjedde i Stillehavet når folk koloniserte øyane i Melanesia, Polynesia og Mikronesia. Det er estimert at 750-1800 fugleartar blei utrydda frå Stillehavsøyar, halvparten rikser.[12] Einskilde artar som kom nær utrydding, slik som moserikse, og takahe, har gjort moderat framgang igjen på grunn av innsatsen til naturvernorganisasjonar. Guamrikse kom faretruande nær utrydding då slangearten Boiga irregularis blei introdusert på Guam. Nokre av dei siste attverande individ av guamrikse blei tatt i fangenskap og formeirer seg godt, men freistnadar på å gjeninnføre ho har gjeve blanda resultat.

Artsliste[endre | endre wikiteksten]

Raudbeinrikse, Rallina fasciata
Foto: Johnny Wee
Vassrikse, Rallus aquaticus
Foto: Marek Szczepanek
Ung myrrikse (Porzana porzana)
Foto: Marek Szczepanek
Bandrikse (Gallirallus philippensis)
Foto: Toby Hudson

Det finst om lag nolevande 133 artar fordelt over 34 biologiske slekter, 16 av desse er monotypiske, (inneheld berre ein art). Fram til nyleg var dunrikser ein del av familien, men Clementslista gjer dunrikser til ein sjølvstendig familie frå versjon 6.8 i 2013.[13]

Rikser i rekkjefølgje etter EBird/Clements Checklist v2017[14] med norske namn etter Norske navn på verdens fugler:[15]

Slekt Himantornis
  • Nkulengurikse, Himantornis haematopus, Nkulengu Rail, Hartlaub, 1855, (LC)
Slekt Coturnicops
  • Mandarinrikse, Coturnicops exquisitus, Swinhoe's Rail, Swinhoe, 1873, (VU)
  • Okerrikse, Coturnicops noveboracensis, Yellow Rail, Gmelin, 1789, (LC)
  • Alverikse, Coturnicops notatus, Speckled Rail, Gould, 1841, (LC)
Slekt Micropygia
  • Droplerikse, Micropygia schomburgkii, Ocellated Crake, Schomburgk, 1848, (LC)
Slekt Rallina
  • Raudrikse, Rallina rubra, Chestnut Forest-Rail, Schlegel, 1871, (LC)
  • Irianrikse, Rallina leucospila, White-striped Forest-Rail, Salvadori, 1875, (NT)
  • Svartvengrikse, Rallina forbesi, Forbes's Rail, Sharpe, 1887, (LC)
  • Brunvengrikse, Rallina mayri, Mayr's Rail, Hartert, 1930, (DD)
  • Rusthovudrikse, Rallina tricolor, Red-necked Crake, Gray, 1858, (LC)
  • Andamanrikse, Rallina canningi, Andaman Crake, Blyth, 1863, (NT)
  • Raudbeinrikse, Rallina fasciata, Red-legged Crake, Raffles, 1822, (LC)
  • Gråbeinrikse, Rallina eurizonoides, Slaty-legged Crake, Lafresnaye, 1845, (LC)
Slekt Hapalocrex
  • Gulbrystrikse, Hapalocrex flaviventer, Yellow-breasted Crake, Boddaert, 1783, (LC)
Slekt Laterallus
  • Rustsiderikse, Laterallus levraudi, Rusty-flanked Crake, Sclater & Salvin, 1868, (EN)
  • Kanelrikse, Laterallus melanophaius, Rufous-sided Crake, Vieillot, 1819, (LC)
  • Hetterikse, Laterallus ruber, Ruddy Crake, Sclater & Salvin, 1860, (LC)
  • Surrerikse, Laterallus albigularis, White-throated Crake, Lawrence, 1861, (LC)
  • Gråbrystrikse, Laterallus exilis, Gray-breasted Crake, Temminck, 1831, (LC)
  • Galapagosrikse, Laterallus spilonota, Galapagos Rail, Gould, 1841, (VU)
  • Perlerikse, Laterallus jamaicensis, Black Rail, Gmelin, 1789, (NT)
  • Kvitbringerikse, Laterallus leucopyrrhus, Red-and-white Crake, Vieillot, 1819, (LC)
  • Paraguayrikse, Laterallus xenopterus, Rufous-faced Crake, Conover, 1934, (VU)
Slekt Nesoclopeus
  • Salomonrikse, Nesoclopeus woodfordi, Woodford's Rail, Ogilvie-Grant, 1889, (NR)
Slekt Gallirallus
  • Wekarikse, Gallirallus australis, Weka, Sparrman, 1786, (VU)
  • Kanakrikse, Gallirallus lafresnayanus, New Caledonian Rail, Verreaux & Des Murs, 1860, (CR)
  • Moserikse, Gallirallus sylvestris, Lord Howe Rail, Sclater, 1869, (EN)
  • Okinawarikse, Gallirallus okinawae, Okinawa Rail, Yamashina & Mano, 1981, (EN)
  • Bandrikse, Gallirallus philippensis, Buff-banded Rail, Linné, 1766, (LC)
  • Bismarckrikse, Gallirallus insignis, New Britain Rail, Sclater, 1880, (NT)
  • Guamrikse, Gallirallus owstoni, Guam Rail, Rothschild, 1895, (EW)
  • Mustasjerikse, Gallirallus torquatus, Barred Rail, Linné, 1766, (LC)
  • Calayanrikse, Gallirallus calayanensis, Calayan Rail, Allen, Oliveros, Espanola, Broad & Gonzalez, 2004, (VU)
  • Rovianarikse, Gallirallus rovianae, Roviana Rail, Diamond, 1991, (NT)
  • Orientrikse, Gallirallus striatus, Slaty-breasted Rail, Linné, 1766, (LC)
Slekt Crex
  • Åkerrikse, Crex crex, Corn Crake, Linné, 1758, (LC)
Slekt Rougetius
  • Etiopiarikse, Rougetius rougetii, Rouget's Rail, Guérin-Méneville, 1843, (NT)
Slekt Aramidopsis
  • Bambusrikse, Aramidopsis plateni, Snoring Rail, Blasius, 1886, (VU)
Slekt Atlantisia
  • Tristanrikse, Atlantisia rogersi, Inaccessible Island Rail, Lowe, 1923, (VU)
Slekt Rallus
  • Spartinarikse, Rallus obsoletus, Ridgway's Rail, Ridgway, 1874, (NT)
  • Aztekrikse, Rallus tenuirostris, Aztec Rail, Ridgway, 1874, (NT)
  • Marskrikse, Rallus longirostris, Mangrove Rail, Boddaert, 1783, (LC)
  • Kongerikse, Rallus elegans, King Rail, Audubon, 1834, (NT)
  • Klaprerikse, Rallus crepitans, Clapper Rail, Gmelin, 1789, (LC)
  • Venezuelarikse, Rallus wetmorei, Plain-flanked Rail, Zimmer & Phelps, 1944, (EN)
  • Grynterikse, Rallus limicola, Virginia Rail, Vieillot, 1819, (LC)
  • Andesrikse, Rallus semiplumbeus, Bogota Rail, Sclater, 1856, (EN)
  • Patagoniarikse, Rallus antarcticus, Austral Rail, King, 1828, (VU)
  • Vassrikse, Rallus aquaticus, Water Rail, Linné, 1758, (LC)
  • Brunkinnrikse, Rallus indicus, Brown-cheeked Rail, Blyth, 1849, (LC)
  • Afrikarikse, Rallus caerulescens, African Rail, Gmelin, 1789, (LC)
  • Madagaskarrikse, Rallus madagascariensis, Madagascar Rail, Verreaux, 1833, (VU)
Slekt Lewinia
  • Luzonrikse, Lewinia mirifica, Luzon Rail, Parkes & Amadon, 1959, (DD)
  • Brunnakkerikse, Lewinia pectoralis, Lewin's Rail, Temminck, 1831, (LC)
  • Aucklandrikse, Lewinia muelleri, Auckland Islands Rail, Rothschild, 1893, (VU)
Slekt Dryolimnas
  • Kvitstruperikse, Dryolimnas cuvieri, White-throated Rail, Pucheran, 1845, (LC)
Slekt Crecopsis
  • Grasrikse, Crecopsis egregia, African Crake, Peters, 1854, (LC)
Slekt Aramides
  • Kjemperikse, Aramides ypecaha, Giant Wood-Rail, Vieillot, 1819, (LC)
  • Skogrikse, Aramides wolfi, Brown Wood-Rail, Berlepsch & Taczanowski, 1884, (VU)
  • Mangroverikse, Aramides mangle, Little Wood-Rail, Spix, 1825, (LC)
  • Brunhalsrikse, Aramides axillaris, Rufous-necked Wood-Rail, Lawrence, 1863, (LC)
  • Rustnakkerikse, Aramides albiventris, Russet-naped Wood-Rail, Müller, 1776, (LC)
  • Gråhalsrikse, Aramides cajaneus, Gray-cowled Wood-Rail
  • Raudvengrikse, Aramides calopterus, Red-winged Wood-Rail, Sclater & Salvin, 1878, (LC)
  • Saracurarikse, Aramides saracura, Slaty-breasted Wood-Rail, Spix, 1825, (LC)
Slekt Amaurolimnas
  • Brunrikse, Amaurolimnas concolor, Uniform Crake, Gosse, 1847, (LC)
Slekt Gymnocrex
  • Brillerikse, Gymnocrex rosenbergii, Blue-faced Rail, Schlegel, 1866, (VU)
  • Gråbukrikse, Gymnocrex plumbeiventris, Bare-eyed Rail, Gray, 1862, (LC)
  • Talaudrikse, Gymnocrex talaudensis, Talaud Rail, Lambert, 1998, (EN)
Slekt Amaurornis
  • Vinrikse, Amaurornis isabellina, Isabelline Bush-hen, Schlegel, 1865, (LC)
  • Flomrikse, Amaurornis olivacea, Plain Bush-hen, Meyen, 1834, (LC)
  • Kvitbrystrikse, Amaurornis phoenicurus, White-breasted Waterhen, Pennant, 1769, (LC)
  • Grovnebbrikse, Amaurornis magnirostris, Talaud Bush-hen, Lambert, 1998, (VU)
  • Buskrikse, Amaurornis moluccana, Rufous-tailed Bush-hen, Wallace, 1865, (LC)
  • Bladrikse, Amaurornis cinerea, White-browed Crake, Vieillot, 1819, (LC)
  • Striperikse, Amaurornis marginalis, Striped Crake, Hartlaub, 1857, (LC)
Slekt Anurolimnas
  • Kastanjehovudrikse, Anurolimnas castaneiceps, Chestnut-headed Crake, Sclater & Salvin, 1868, (LC)
  • Krattrikse, Anurolimnas viridis, Russet-crowned Crake, Müller, 1776, (LC)
  • Selvasrikse, Anurolimnas fasciatus, Black-banded Crake, Sclater & Salvin, 1867, (LC)
Slekt Porzana
  • Maskerikse, Porzana carolina, Sora, Linné, 1758, (LC)
  • Myrrikse, Porzana porzana, Spotted Crake, Linné, 1766, (LC)
  • Sivrikse, Porzana fluminea, Australian Crake, Gould, 1843, (LC)
  • Skiferrikse, Porzana spiloptera, Dot-winged Crake, Durnford, 1877, (VU)
Slekt Zapornia
  • Kastanjerikse, Zapornia fusca, Ruddy-breasted Crake, Linné, 1766, (LC)
  • Damrikse, Zapornia paykullii, Band-bellied Crake, Ljungh, 1813, (NT)
  • Jernrikse, Zapornia akool, Brown Crake, Sykes, 1832, (LC)
  • Svartrikse, Zapornia flavirostra, Black Crake, Swainson, 1837, (LC)
  • Sumprikse, Zapornia parva, Little Crake, Scopoli, 1769, (LC)
  • Dvergrikse, Zapornia pusilla, Baillon's Crake, Pallas, 1776, (LC)
  • Gassarsvartrikse, Zapornia olivieri, Sakalava Rail, Grandidier & Berlioz, 1929, (EN)
  • Svarthalerikse, Zapornia bicolor, Black-tailed Crake, Walden, 1872, (LC)
  • Hendersonrikse, Zapornia atra, Henderson Island Crake, North, 1908, (VU)
  • Sotrikse, Zapornia tabuensis, Spotless Crake, Gmelin, 1789, (LC)
Slekt Porphyriops
  • Flekksivhøne, Porphyriops melanops, Spot-flanked Gallinule, Vieillot, 1819, (LC)
Slekt Mustelirallus
  • Røyrrikse, Mustelirallus albicollis, Ash-throated Crake, Vieillot, 1819, (LC)
  • Grårikse, Mustelirallus colombianus, Colombian Crake, Bangs, 1898, (DD)
  • Kvekkerikse, Mustelirallus erythrops, Paint-billed Crake, Sclater, 1867, (LC)
Slekt Cyanolimnas
  • Zapatarikse, Cyanolimnas cerverai, Zapata Rail, Barbour & Peters, 1927, (CR)
Slekt Pardirallus
  • Flekkrikse, Pardirallus maculatus, Spotted Rail, Boddaert, 1783, (LC)
  • Oskerikse, Pardirallus nigricans, Blackish Rail, Vieillot, 1819, (LC)
  • Blyrikse, Pardirallus sanguinolentus, Plumbeous Rail, Swainson, 1838, (LC)
Slekt Habroptila
Slekt Eulabeornis
  • Goliatrikse, Eulabeornis castaneoventris, Chestnut Rail, Gould, 1844, (LC)
Slekt Megacrex
  • Storfotrikse, Megacrex inepta, New Guinea Flightless Rail, d'Albertis & Salvadori, 1879, (NT)
Slekt Gallicrex
  • Hanerikse, Gallicrex cinerea, Watercock, Gmelin, 1789, (LC)
Slekt Porphyrio
Slekt Gallinula
  • Skogsivhøne, Gallinula silvestris, Makira Moorhen, Mayr, 1933, (CR)
  • Tussoksivhøne, Gallinula nesiotis, Tristan Moorhen, P. Sclater, 1861, (EX)
  • Sivhøne, Gallinula chloropus, Eurasian Moorhen, Linné, 1758, (LC)
  • Amerikasivhøne, Gallinula galeata, Common Gallinule, Lichtenstein, 1818, (LC)
  • Australsivhøne, Gallinula tenebrosa, Dusky Moorhen, Gould, 1846, (LC)
  • Dvergsivhøne, Gallinula angulata, Lesser Moorhen, Sundevall, 1851, (LC)
Slekt Tribonyx
  • Vandresivhøne, Tribonyx ventralis, Black-tailed Nativehen, Gould, 1837, (LC)
  • Tasmansivhøne, Tribonyx mortierii, Tasmanian Nativehen, Du Bus, 1840, (LC)
Slekt Fulica
  • Knoppsothøne, Fulica cristata, Red-knobbed Coot, Gmelin, 1789, (LC)
  • Hosebandsothøne, Fulica armillata, Red-gartered Coot, Vieillot, 1817, (LC)
  • Raudpannesothøne, Fulica rufifrons, Red-fronted Coot, Philppi & Landbeck, 1861, (LC)
  • Kjempesothøne, Fulica gigantea, Giant Coot, Eydoux & Souleyet, 1841, (LC)
  • Hornsothøne, Fulica cornuta, Horned Coot, Bonaparte, 1853, (NT)
  • Sothøne, Fulica atra, Eurasian Coot, Linné, 1758, (LC)
  • Hawaiisothøne, Fulica alai, Hawaiian Coot, Peale, 1848, (VU)
  • Amerikasothøne, Fulica americana, American Coot, Gmelin, 1789, (LC)
  • Andessothøne, Fulica ardesiaca, Slate-colored Coot, Tschudi, 1843, (LC)
  • Gulpannesothøne, Fulica leucoptera, White-winged Coot, Vieillot, 1817, (LC)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Denne artikkelen byggjer på «Rallidae» frå Wikipedia på engelsk, den 12. august 2012, nokre av referansane var frå:
    • Horsfall, Joseph A. & Robinson, Robert (2003): Rails. In: Perrins, Christopher (ed.): Firefly Encyclopedia of Birds. Firefly Books.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Horsfall & Robinson (2003): s. 206-207
  2. Horsfall & Robinson (2003): s. 208
  3. 3,0 3,1 Horsfall & Robinson (2003): s. 210
  4. Horsfall & Robinson (2003): s. 209
  5. McNab, B.K. & Ellis, H.I. (2006): Flightless rails endemic to islands have lower energy expenditures and clutch sizes than flighted rails on islands and continents. Comparative Biochemistry and Physiology A - Molecular & Integrative Physiology 145(3): 295-311. doi:10.1016/j.cbpa.2006.02.025 (HTML fulltext)
  6. McNab, B.K. (1994): Energy conservation and the evolution of flightlessness in birds. American Naturalist 144(4): 628-642. HTML abstract and first page image
  7. Slikas, B.; Olson, Storrs L. & Fleischer, R.C. (2002): Rapid, independent evolution of flightlessness in four species of Pacific Island rails (Rallidae): an analysis based on mitochondrial sequence data. J. Avian Biol. 33(1): 5-14. doi:10.1034/j.1600-048X.2002.330103.x (HTML fulltext)
  8. Horsfall & Robinson (2003): s. 207
  9. 9,0 9,1 Horsfall & Robinson (2003): s. 209-210
  10. 10,0 10,1 Horsfall & Robinson (2003): s. 211
  11. BirdLife International (2012) Species factsheet: Wake Island Rail Gallirallus wakensis Arkivert 2011-08-05 ved Wayback Machine.. Henta frå http://www.birdlife.org den 12. august 2012.
  12. Steadman, David William (2006): Extinction and Biogeography of Tropical Pacific Birds. University of Chicago Press. ISBN 0-226-77142-3.
  13. Clements, J.F.; T.S. Schulenberg; M.J. Iliff; B.L. Sullivan; C.L. Wood; D. Roberson (august 2013), The eBird/Clements checklist of birds of the world: Version 6.8 (CSV), Cornell Lab of Ornithology, henta 10. august 2014 
  14. Schulenberg T.S.; M.J. Iliff; B.L. Sullivan; C.L. Wood; T. A. Fredericks; D. Roberson (august 2017), eBird/Clements Checklist v2017 (CSV), Cornell Lab of Ornithology, henta 1. oktober 2017 
  15. Syvertsen, P. O., Ree, V., Hansen, O. B., Syvertsen, Ø., Bergan, M., Kvam, H., Viker, M. & Axelsen, T. 2008. Virksomheten til Norsk navnekomité for fugl (NNKF) 1990-2008. Norske navn på verdens fugler. med oppdateringar i 2017. Norsk Ornitologisk Forening sin nettstad (publisert 21.12.2017)

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Riksefamilien