Tintern Abbey i Monmouthshire

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Tintern Abbey i Monmouthshire
Tintern Abbey and Courtyard.jpg
StadTintern i Monmouthshire
Opna1131
Stilgotisk arkitektur

Tintern Abbey i Monmouthshire
51°41′50″ N 2°40′38″ W

Tintern Abbey (Abaty Tyndyrn uttale ) er et tidlegare kloster i Monmouthshire i Wales. Det blei grunnlagd 9. mai 1131 av Walter de Clare, som var lord av Chepstow. Ruinane av klosteret ligg ved sida av landsbyen Tintern på den walisiske breidda av elva Wye, som dannar grensa mellom Monmouthshire i Wales og Gloucestershire i England. Klosteret var den første cisterciansarinstitusjonen i Wales og den andre i Storbritannia i mellomalderen (etter Waverley Abbey). Det var moderkloster til Tintern Abbey i County Wexford i Irland.

Etter oppløysinga av klostervesenet i samband med reformasjonen på 1500-talet fall klosteret i ruinar. Det har seinare inspirert poesi og biletkunst, der «Lines Written a Few Miles above Tintern Abbey» eller berre «Tintern Abbey», eit dikt av William Wordsworth er eit kjent døme.

Klosterruinane har no status som scheduled monument. I 1984 tok den walisiske kulturvernorganisasjonen Cadw over ansvaret for å halda staden ved like. Tintern Abbey får rundt 70 000 vitjande kvart år.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Wales Visitor Attractions Survey 2015» (PDF). Welsh Government.