Tintern Abbey i County Wexford

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Tintern Abbey
Southern face of Tintern Abbey, Co Wexford.JPG
StadHook Peninsula i County Wexford i Irland
Opnaca. 1200[1]
Stengd25. juli 1539
StilCistersiensisk

Tintern Abbey i County Wexford
52°14′13″ N 6°50′16″ W

Tintern Abbey er eit tidlegare cistersiensar-klosterHook-halvøya i County WexfordIrland. Det er no ein ruin med status som «National Monument of Ireland» og tilhøyrer den irske staten.

Klosteret blei skipa rundt 1200 av William Marshal, jarlen av Pembroke, etter ein lovnad han hadde gjort etter at båten hans var i vanskar under ein storm i nærleiken.[1] Den nøyaktige datoen for grunnlegginga er ukjend. Kyrkjehistorikaren J.H. Bernard la i ein analyse frå 1917 for Royal Irish Academy fram 3. desember 1200 som ein mogleg grunnleggingsdato.[2]

Etter grunnlegginga blei det busett av munkar frå Tintern Abbey i Monmouthshire i Wales, som Marshal også støtta. For å skilja mellom dei blei moderhuset i Wales nokre gonger kalla «Tintern Major» og det irske klosteret «Tintern de Voto» (Lovnads-Tintern).[3]

Etter oppløysinga av klostervesenet i Storbritannia og Irland blei klostereigedommen først gjeven til sir James Croft, og deretter til Anthony Colclough frå Staffordshire, ein soldat for Henrik VIII, i 1575. Etterkomarane hans blei kjende som Colclough-baronettane. Den siste frå Colclough-familien som budde i Tintern var Lucey Marie Biddulph Colclough, som donerte eigedommen til den irske statem.[4]

Mellom 1982 og 2007 utførte National monuments of Ireland fleire utgravingar på staden og utvikla klosteret for vitjande.[5][3] Dei utforma også ein verneplan for lokale flaggermuskoloniar.[6] Ein brann i 2012 skadde delar av bygningsmassen frå 1800-talet.[7][3]

Galleri[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 «Churches, Abbeys and Monasteries - Tintern Abbey». discoverireland.ie. Fáilte Ireland. Henta 25. januar 2018. 
  2. Bernard, J.H. (March 1917). «Foundation of Tintern Abbey (Co. Wexford)». Proceedings of the Royal Irish Academy (Hodges, Figgis & Co. Ltd (Dublin)). XXXIII (17): 528. 
  3. 3,0 3,1 3,2 «Tintern Cistercian Abbey». Monastic Ireland. The Discovery Programme. Henta 25. januar 2018. 
  4. «Tintern Abbey». wexfordweb.com. Wexford Web. Arkivert frå originalen 25. mai 2011. Henta 5. mai 2011. 
  5. «Abbey loses one set of visitors and gets ready for another». irishtimes.com. Irish Times. 11. februar 1998. Henta 25. januar 2018. 
  6. «Abbey permits special access for bats». irishtimes.com. Irish Times. 14. juli 1999. Henta 25. januar 2018. 
  7. «Fire at Tintern 'may have been arson'». Irish Independent. Independent News & Media. 24. juli 2012. Henta 25. januar 2018. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedium som gjeld: Tintern Abbey