Tlingit

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Tlingit
(Lingít)
Klassifisering: Na-dené-språk
 Tlingit
Bruk
Tala i: Flag of Canada.svg Canada
Flag of the United States.svg USA
Tlingittalande i alt: 500
Språkkodar
ISO 639-2: tli
ISO 639-3: tli

Tlingit (tlingit Lingít [ɬìnkít]) blir snakka av tlingit-folket i søraustlege Alaska i USA og vestlege Canada. Det tilhøyrer na-dené-språka, som truleg er del av den dené-jeniseiske språkfamilien. Språket har 500 talarar i USA, og berre nokre få i Canada, av ca. 10 000 menneske som tilhøyrer tlingit-folket.[1]

Misjonærar frå Den russisk-ortodokse kyrkja var dei første som laga eit skriftspråk for tlingit, og brukte det kyrilliske alfabetet til å skriva det ned og omsetja det, medan Det russiske keisardømet hadde kontakt med Alaska og kysten nedover Nord-Amerika til dagens Sonoma County i California. Seinare utvikla engelskspråklege misjonærar frå USA eit skriftspråk basert på det latinske alfabetet.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Tlingit» (engelsk). Ethnologue. Henta 18. mars 2017.