Tom Clancy

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Thomas Leo Clancy Jr (12. april 19471. oktober 2013) skreiv under namnet Tom Clancy og var ein amerikansk forfattar, kjend for sine politiske og militære spenningsromanar frå den kalde krigen.

Biografi[endre | endre wikiteksten]

Clancy vart fødd i Baltimore. Han studerte engelsk litteratur ved Loyola College der han fullførte i 1969. I newsgruppa alt.books.tom-clancy fortalde han at han studerte litteratur av di han ikkje var smart nok til å studere fysikk. Før han debuterte som forfattar jobba han ei stund i forsikringsbransjen.

Jakten på «Rød Oktober» er Tom Clancys debutroman. Den er ei av mange bøker som har vorte filmatisert. Han grunnla òg selskapet Red Storm Entertainment, som har produsert ei rekkje dataspel med Tom Clancy sitt namn.

Etter terroråtaka 11. september 2001 var Tom Clancy blant dei som forsvara islam, til manges overrasking. Han har òg stilt seg kritisk til den amerikanske krigen mot Irak.

Spire Denne litteraturartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.