Tom Kåre Staurvik

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Tom Kåre Staurvik
Fødd 13. februar 1970 (52 år)
Bodø
Yrke fotballspelar, fotballtrenar

Tom Kåre Staurvik (fødd 13. februar 1970) er ein norsk tidlegare fotballspelar som vanlegvis spelte på midtbana, seinare også på midtstopparplass. Han var særleg kjend for sine harde skot og frispark.

Staurvik eliteseriedebuterte for Bodø/Glimt i 1993. I sin fyrste sesong var han med å vinne NM-cupen og sikre sølvmedaljen i eliteserien. Etter to sesongar i Glimt vart han overført til Rosenborg BK, ein klubb han vann både seriemeisterskap og cupmeisterskap med i 1995, medan han i 1996 fekk seriegull. Både i NM-finalen 1993 og i finaleomkampen 1995 kom Staurvik på skåringslista.

Sesongen 1996/97 spelte Staurvik for nederlandske NAC Breda. Sommaren 1997 gjekk han tilbake til Bodø/Glimt, der han spelte i fem år. Etter eit kort tilvære i kinesiske Shanghai Shenhua, var han 2002/03 knytt til GIF Sundsvall. Sidan var han ei tid spelande trenar i Harstad Idrettslag på nivå tre i norsk seriefotball.

Staurvik deltok i to landskampar i 1993-94. Han debuterte då Noreg vann 7-0 borte mot Færøyane i august 1993 då han kom inn og Erik Mykland gjekk ut i pausen.

Merittar[endre | endre wikiteksten]

  • Noregsmeister 1992: Bodø/Glimt
  • Noregsmeister 1995: Rosenborg
  • Seriemeister 1995 og 1996: Rosenborg
  • Seriesølv 1993: Bodø/Glimt

Kjelder[endre | endre wikiteksten]