Tommy Caldwell
Tommy Caldwell | |
Fødd | 9. november 1949 |
---|---|
Fødestad | Spartanburg i Sør-Carolina i USA |
Død | 28. april 1980 (30 år) |
Dødsstad | Moore i Sør-Carolina i USA |
Fødenamn | Thomas Michael Caldwell |
Alias | Tommy Caldwell |
Opphav | USA |
Aktiv | 1973–1980 |
Sjanger | Southern rock |
Instrument | Bassgitar, vokal, trommer |
Tilknytte artistar | The Marshall Tucker Band |
Verka som | Musikar, låtskrivar |
Thomas Michael «Tommy» Caldwell (9. november 1949–28. april 1980) var ein USA-amerikansk bassist og original frontmann for The Marshall Tucker Band mellom 1973 og 1980.
Caldwell skreiv fleire av songane deira og spelte bass, perkusjon og gitar, i tillegg til å syngje korvokal. Han song solo på «Melody Ann». Den siste konserten hans med bandet var 18. april 1980, ti dagar før han omkom etter skadane han pådrog seg i ei bilulukke.[1] Han var den yngre broren til bandkollegaen Toy Caldwell. Ein annan bror, Tim Caldwell, døydde òg i ei bilulukke berre ein månad før Tommy, den 28. mars 1980, 25 år gammal.[2][3][4]
The Charlie Daniels Band-albumet Full Moon frå 1980 er dedisert til Caldwell.
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Denne artikkelen bygger på «Tommy Caldwell» frå Wikipedia på engelsk, den 29. desember 2020.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ The Death of Marshall Tucker Band's Tommy Caldwell
- ↑ Abbie Caldwell Interview Arkivert 2016-03-13 ved Wayback Machine., tuckerhead.com, 1998 (retrieved 23. januar 2015).
- ↑ The Gamecock Arkivert 2016-09-17 ved Wayback Machine., 30. april 1980, Page 11, Image 19 (retrieved 23. januar 2015).
- ↑ Tim Caldwell gravestone photo, slobotabouttown.com (retrieved 23. januar 2015).