Tommy Jackson

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Tommy Jackson
Fødd31. mars 1926(1926-03-31)
FødestadBirmingham i Alabama i USA
Død9. desember 1979 (53 år)
DødsstadNashville i Tennessee i USA
FødenamnThomas Lee Jackson Jr.
OpphavUSA
AktivFrå 1930- til 1970-åra.
SjangerCountry
InstrumentFele
PlateselskapMercury Records
Verka somfelespelar

Thomas Lee «Tommy» Jackson jr. (31. mars 19269. desember 1979) var ein USA-amerikansk felespelar og vert rekna som ein av dei beste felespelarane gjennom tidene.[1] Han spelte på hundrevis av countryplater frå 1940- til 1970-åra, og det er blitt sagt at han «truleg er å høyre på fleire countryplater enn nokon annan musikar».[2]

Alt som barn spelte han fele med Johnnie Wright og Kitty Wells, og spelte som tenåring med Curley Williams og Paul Howard på Grand Ole Opry, før han var akterskyttar i Army Air Corps i andre verdskrigen.[1][2][3]

Attende i det sivile i 1946, turnerte han med Whitey Ford og andre før han vart med i orkesteret til Red Foley på The Opry. Han byrja òg å spele som studiomusikar, stundom i lag med ei gruppe som bestod av Jerry Byrd, Louis Innis og Zeke Turner, og vart kjend som det første Nashville studio A-team.[4] Jackson spelte på mange av Hank Williams sine klassiske innspelingar frå seint i 1940-åra, inkludert «Lovesick Blues».[2]

I 1950-åra spelte han med Webb Pierce, Faron Young, Ray Price og i 1960-åra med artistar som George Jones og Bill Monroe,[4] då han vart ein av dei mest etterspurde studiomusikarane i Nashville.[3]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Stubbs, Eddie (2012). «Tommy Jackson». I Paul Kingsbury. The Encyclopedia of Country Music. Oxford University Press. s. 243–244. ISBN 978-0-199-92083-9. 
  2. 2,0 2,1 2,2 Charles Wolfe, «Tommy Jackson – King of the 50’s Fiddlers», Native Ground. Henta 18. oktober 2018
  3. 3,0 3,1 Biography by Bruce Eder, Allmusic.com. Henta 18. oktober 2018
  4. 4,0 4,1 Tommy Jackson, FindaGrave.com. Henta 18. oktober 2018