Tommy Johnson

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
For andre tydingar av oppslagsordet, sjå Tommy Johnson (fleirtyding).
Tommy Johnson
Fødd1896
FødestadTerry
Død1. november 1956 (60 år)
DødsstadCrystal Springs
OpphavUSA
Aktiv1914–1956
Sjangerblues
Instrumentgitar
PlateselskapVictor Talking Machine Company
Verka sommusikar, låtskrivar, songar, gitarist

Tommy Johnson (1. januar 18961. november 1956) var ein amerikansk bluesmusikar, songar og gitarist frå Mississippi. Han er kjend for den høge falsettrøysta si og det intrikate gitarspelet sitt,[1] og er ein av de mest innverknadsrike musikarane innan deltablues. Han utførte ei rekkje innspelingar mellom 1928 og 1930, der nokre av dei best kjende er «Cool Drink of Water Blues», «Maggie Campbell Blues» og «Big Road Blues».

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Johnson blei fødd nær Terry i Mississippi i januar 1896. Rundt 1910 flytta han til Crystal Springs, der han budde det meste av livet.[2] Han lærte seg å spela i gitar, og spedde ettervkvart på inntekta si ved å spela på lokale festar saman med brørne Major og LeDell. I 1916 gifta Johnson seg og flytta til Webb Jennings-plantasjen ved Drew i Mississippi, ikkje langt frå Dockery Plantation.[3] Her møtte han andre musikarar, mellom anna Charlie Patton og Willie Brown.[4]

Karriere[endre | endre wikiteksten]

I 1920 var Johnson blitt ein omreisande musikar med base i Crystal Springs. Han reiste vidt omkring i Sørstatane, tidvis saman med Papa Charlie McCoy. I 1928 gjorde han sine første innspelingar, med McCoy, for Victor Records.[2] Ein av desse var «Canned Heat Blues», der han song om å drikka metanol frå kokespriten Sterno.[2] Songen har refrenget «canned heat, mama, sure, Lord, killing me.» Den seinare bluesgruppa Canned Heat henta namnet sitt frå denne songen.[2] Johnson sin song «Big Road Blues» inspirerte Canned Heat til å laga «On the Road Again».

Johnson gjorde to til innspelingar, for Victor i august 1928 og for Paramount Records i desember 1929. Etter dette gjorde han ikkje fleire innspelingar.

Innspelingane til Johnson gjorde han til den fremste Delta blues-songaren i samtida. Han hadde ei mektig røyst som kunne gå frå låg brumling til høg falsett. Han var ein dyktig gitarist som også kunne utføra triks med instrumentet, til dømes ved å spela mellom føtene sine og bak hovudet eller å kasta gitaren i lufta under spel.[2]

Stilen hans påverka seinare bluessongarar som Robert Nighthawk og Howlin' Wolf (som baserte songen «I Asked for Water [She Brought Me Gasoline]» på Johnson sin «Cool Drink of Water Blues»),[2] og countrysongaren Hank Williams.[4] Johnson var ein dyktig låtskrivar som blanda fragment av folkedikting og personlege songtekstar inn i fastsette gitarakkompagnment til slåande bluessongar som «Maggie Campbell».[5]

Ifølgje broren LeDell heva Johnson å ha gjort ein avtale med Djevelen i eit vegkryss der han selde sjela si for å blei ein meisterspelar på gitar.[4][6] Denne soga blei seinare også knytt til Robert Johnson, ein samtidig bluesmusikar som ikkje var i slekt med Tommy Johnson.[7]

Johnson fortsette å vera ein populær artist i området rundt Jackson i Mississippi på 1930- og 1940-talet. Somme tider opptredde han saman med Ishman Bracey.[2] Han hadde stor påverknad på andre utøvarar, dels fordi han var villig til å læra dei spelestilen og repertoaret sitt.

Død og ettermæle[endre | endre wikiteksten]

Johnson døydde av eit hjarteåtak etter å ha spelt på ein lokal fest i 1956.[2] Han er gravlagd i Warm Springs Methodist Church Cemetery utanfor Crystal Springs i Mississippi.[2]

I 2006 blei det skipa ein årleg bluesfestival til ære for Johnson, The Tommy Johnson Blues Festival, i Crystal Springs og Jackson. Festivale går føre seg den tredje helga i oktober.[8]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Russell, Tony (1997). The Blues: From Robert Johnson to Robert Cray. Dubai: Carlton Books. s. 127–128. ISBN 1-85868-255-X. 
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 2,4 2,5 2,6 2,7 2,8 Koda, Cub. «Tommy Johnson: Biography». Allmusic.com. Henta 23. november 2009. 
  3. Robert Palmer. Deep Blues. Penguin Books. s. 60–61. ISBN 978-0-14-006223-6. 
  4. 4,0 4,1 4,2 «Tommy Johnson - Delta School». Arkivert frå originalen 18. juli 2007. 
  5. Barlow, William (1989). "Looking Up at Down": The Emergence of Blues Culture. Temple University Press, s. 42. ISBN 0-87722-583-4.
  6. Evans, David (1971). Tommy Johnson. Studio Vista, s. 22. ISBN 978-0289701515.
  7. Escaping the Delta : Robert Johnson and the Invention of the Blues. s. 265–276. ISBN 0-06-052423-5. 
  8. «First Annual Tommy Johnson Celebration» (PDF). Tommy Johnson Blues Foundation. 2006. Henta 31. august 2011. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Arkiverte nettstader