Tomt

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Innhegna ubygd tomt i New Orleans.

Tomt er eit område der det kan stå ein bygning. Det kan både visa til ein stad der det har stått ein bygning, der han står no eller der han skal stå i framtida. Ordet «tomt» kjem av norrønt to(m)pt, og har same opphav som tuft.

I moderne samfunn er tomter ofte regulerte til ein viss bruk, som bustadtomt, landbrukstomt eller industritomt.

Den som eig ein bygning kan også eiga tomta, men i nokre høve kan denne ha ein annan eigar. Leige av tomt blir kalla tomtefeste eller bygsel.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]