Tong

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Låsetong, spenntong eller sveisetong
Røyrtong
Avbitar

Tong (av norrønt tǫng) er ein reiskap sett saman av to delar som dannar eit kryss og kan brykast til å gripa, halda eller klippa med.[1] Tenger består av ein kjeft og to handtak. Pinsett er ein reiskap som overlappar tong i funksjon og definisjon. Ei klype kan valfritt definerast som ein variant av ein av desse.

Døme på tenger er:

  • Avisoleringstong – for avisolering av leidningar
  • Avbitartang – for å klippa og avisolera leidningar
  • Kombinasjonstong – kjeft med rund del, flat del og avbitar
  • Låsetong – for å tvinna og klippa låsetråd ved låsing av boltar osb.
  • Rundtong – for detaljarbeid
  • Spisstong – for detaljarbeid, gjer det lettare å komma til på tronge stader. Finst i både rette og skeive variantar.
  • Spenntong – for å halda fast emne
  • Telefontong – flate kjevar og avbitarmekanisme.
  • Vannpumpetong – justerbar gripvidde

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «tong» i Nynorskordboka.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedium som gjeld: Tong