Topľa
Topľa | |||
elv | |||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Nedslagsfelt | 1 503 km² | ||
Lengd | 130 km | ||
Middelvassføring | 8,3 m³/s | ||
Kjelde | Čergovfjella | ||
Munning | Ondava | ||
![]() Topľa | |||
Wikimedia Commons: Topľa | |||
Topľa er ei elv aust i Slovakia og ei sideelv til Ondava frå høgre. Ho er 129,8 km lang og nedslagsfeltet hennar dekkjer eit område på 1503 km². Ho spring ut frå Čergovfjella og renn gjennom Ondavahøglandet, Beskidisk Piemonte, Dei austslovakiske åsane og Den austslovakiske sletta, før ho munnar ut i Ondava i Parchovany. Ho renn gjennom byane Bardejov, Giraltovce, Hanušovce nad Topľou og Vranov nad Topľou.
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Denne artikkelen bygger på «Topľa» frå Wikipedia på engelsk, den 4. april 2009.