Tore André Dahlum

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Tore André Dahlum
Statsborgarskap Noreg
Fødd 21. juni 1968 (55 år)
Kristiansand kommune
Idrett fotball
Utmerkingar

Kniksenprisen for årets angrepsspiller

Tore André Dahlum (fødd 21. juni 1968) er ein tidlegare fotballspelar frå Kristiansand som er mest kjend for sine tre periodar i IK Start (1987-91, 1994-96, 2001) og to periodar i Rosenborg (1992-93 og 1997-99). Med Rosenborg vann han fem seriegull og to cupmeisterskap.

I yngre år var Dahlum Vigør-spelar. Han debuterte på Start i 1988, men fekk sitt gjennombrot i 1990-sesongen då han vart toppskårar i 1. divisjon med 20 mål. Same året fekk han sin landslagsdebut, fram til 1999 spelte han 15 landskampar og skåra 6 mål. Høgdepunktet i landslagstrøya kom i 1991, då han gav Noreg leiinga i EM-kvalfiseringskampen mot Italia, ein kamp som enda med norsk siger 2-1.

Vinteren 1992 vart Dahlum overført til Rosenborg, der han hadde ein god fyrstesesong. Mellom anna skåra han eit flott volleymål i cupfinalen, som Rosenborg vann 3-2 over Lillestrøm SK. I sin andre sesong med RBK fekk han lite speletid, og returnerte til Start framfor 1994-sesongen

Hausten/vinteren 1996/97 var Dahlum ei kort tid i den greske klubben Skoda Xanthi. Våren 1997 byrja han på si andre Rosenborg-periode. Frå hausten 1999 til hausten spelte han etter tur for belgiske Gent, danske Aalborg, samt Start.

Merittar[endre | endre wikiteksten]

  • Seriemeister: 1992, 1993, 1997, 1998 og 1999 med Rosenborg
  • Noregsmeister: 1992 og 1999 med Rosenborg

Kjelder[endre | endre wikiteksten]