Tore Sjöstrand
Utsjånad
Tore Sjöstrand | |
Statsborgarskap | Sverige |
Fødd | 31. juli 1921 Danmarks församling |
Død | 26. januar 2011 (89 år) Växjö |
Idrett | friidrett |
Tok del i | Sommar-OL 1948 |
Tore Ingemar Sjöstrand (31. juli 1921–26. januar 2011) var ein svensk friidrettsutøvar som vart olympisk meister i hinderløp i 1948, og tok EM-bronsen i same øvinga i 1946. Han var fødd i Huddinge og budde i vaksen alder i Växjö.
Sjöstrand fekk bronsen på 3000 meter hinder under europameisterskapen i Oslo i 1946. Både i 1947 og 1948 vart han svensk meister i øvinga. Under dei olympiske sommarleikane 1948 i London førte han an då svenskane tok alle medaljane i hinderløpet. Sjöstrand vann på tida 9.04,6, framom Erik Elmsäter og Göte Hagström.
Sjöstrand la bort konkurransekorne etter 1950-sesongen.
Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap
[endre | endre wikiteksten]- EM 1946 i Oslo: Bronsemedalje – 9.14,0, etter Erik Elmsäter (9.11,0)
- OL 1948 i London: Gullmedalje – 9.04,6, framom Erik Elmsäter (9.08,2)
- EM 1950 i Brussel: Nr 8 – 9.25,2
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Tore Sjöstrand» frå Wikipedia på svensk, den 20. juli 2016.
- Denne artikkelen bygger på «Thore Sjöstrand» frå Wikipedia på bokmål, den 20. juli 2016.