Torgallmenningen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Torgallmenningen

Torgallmenningen er ei gate og ein plass, eller rettare sagt allmenning, i Bergen sentrum. Den strekkjer seg frå Torget i aust til Olav Vs plass i vest. Frå Strandgaten og vestover er den stengd for biltrafikk, og er ein av byen sine viktigaste møteplassar. Gata var, som alle andre allmenningar i Bergen, opphavleg ei branngate, denne planlagt etter bybrannen i 1582. Frå 1660 heitte den Vågsallmenningen, og den fekk dagens namn etter bybrannen i 1702. Gata fekk i stor grad dagens utforming etter bybrannen i 1916.