Torger Hovi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Torger Hovi
Fødd 23. januar 1905
Død

19. oktober 1980 (75 år)

Yrke politikar

Torger Hovi (23. januar 190519. oktober 1980) var ein norsk landbruksmann og politikar frå Øystre Slidre. Han representerte Oppland fylke og ArbeidarpartietStortinget i tida 1961-73.

Hovi var son til ein gardbrukar. Han gjekk framhaldsskule og Valdres jordbruksskule åra 1924-25. Frå 1927 til 1950 arbeidde han som planleggar på landbrukskontoret i Øystre Slidre. Etter 1949 var han småbrukar i heimbygda.

Hovi var medlem i Øystre Slidre heradsstyre frå 1933 til 1962, varaordførar 1960-61. Dessutan var han formann frå 1945 i Oppland landbruksselskap, og frå 1956 for fylkeslandbruksstyret i Oppland. Begge desse leiarpostane hadde han til 1972. Åra 1949-56 var han med i Jordbrukskredittnemnda.

Hausten 1961 fekk Hovi fast plass på Stortinget, der han var medlem i Justiskomiteen til 1965. Etter attval i 1965 var han dei neste fire åra medlem i Kyrkje- og undervisningskomiteen. Den siste tingperioden hans, 1969-73, var han sekretær i Administrasjonskomiteen fram til 24. mars 1971, deretter medlem i Landbrukskomiteen til han takka for seg.

Hovi var formann i Valdres Mållag 1973-76.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]