Torgunrud

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Torgunrud sett frå Stefferudkollen. «Skibladner» i bakgrunnen.

Torgunrud er ein gard i bygda Feiring i Eidsvoll kommune, som ligg i Viken fylke. Garden ligg ved foten av Stefferudkollen, ved Torgundrudelva, som renn frå Bladtjern til Mjøsa, og som utgjer gardens grense mot sør. Til garden høyrer Kastfossen, som er ein særprega foss i Torgunrudelva. Gerden har i dag av ca 2000 mål skog og ca 100 mål dyrka mark. I tida før 1825 utgjorde Torgunrudelva grensa mellom Feiring og Toten, garden låg då i Toten herad.