Torja

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Torja (rumensk Turia) er ein kommune i Kovászna fylke i Romania. I kommunen er det to landsbyar Torja (rumensk Turia) og Futásfalva (rumensk Alungeni)

Historie[endre | endre wikiteksten]

Torja er ein del av Székelyland, ein region i Transylvania som fram til 1918 var del av Háromszék fylke i Kongeriket Ungarn. Som følgje av Trianon-traktaten blei området i 1920 ein del av Romania.

Demografi[endre | endre wikiteksten]

Området har absolutt majoritet av det ungarsktalande székelyfolket. Ifølgje folketeljinga frå 2002 hadde kommunen 3 918 innbyggjarar der 98,7 % (eller 3867 personar) hadde ungarsk som morsmål.