Ungarsk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Ungarsk
(magyar)
Klassifisering: Uralsk
 finsk-ugriske språk
  ugrisk
Talarar: ungarar, ungararar
Bruk
Tala i: Ungarn, Austerrike, Kroatia, Romania, Slovenia, Serbia, Slovakia, Ukraina
Område: Ungarn, Slovenia, Vojvodina, Transylvania
Ungarsktalande i alt: 14,5 millionar
Rangering: 66.
Skriftsystem: det latinske alfabetet
Offisiell status
Offisielt språk i: Ungarn, delar av Slovenia, Serbia, Austerrike og Romania; EU,
Språkkodar
ISO 639-1: hu
ISO 639-2: hun
ISO 639-3: hun

Ungarsk er eit uralsk språk. I lag med mansisk og khantisk dannar det i følgje den dominerande klassifiseringa den ugriske språkgruppa. Ungarsk er ein fjern slektning av samisk og finsk, men det felles ordforrådet er svært lite.

Ungarsk blir snakka av 14-15 millionar menneske. I tillegg til dei 10 millionane som bur i Ungarn blir ungarsk snakka i alle nabostatane: I Romania, Slovakia, Ukraina, Serbia, Kroatia, Austerrike og Slovenia. På ungarsk heiter språket magyar.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Indre språkhistorie[endre | endre wikiteksten]

Vi veit lite om ungarsk frå tida før ungararane kom til Europa. Ungararane budde på slettene nord for Svartehavet i lag med ulike tyrkiske stammar. Frå denne tida stammar mange tyrkiske lånord i ungarsk; t.d. Ungarn kjem frå eit tyrkisk stammenamn on-ogur 'ti piler'. På slutten av 800-talet flytta det ungarske ryttarfolket gjennom Donau-deltaet til det Karpatiske bassenget, til det området der Ungarn ligg i dag, og ungarsk kom under påverknad av tysk og dei sørslaviske språka.

Forskingshistorie[endre | endre wikiteksten]

Det vitskaplege studiet av ungarsk starta med utforskinga av eit mogleg slektskap mellom ungarsk og finsk1600-talet. Ny fart fekk dette arbeidet etter Venus-passasjen, der Sajnovics og Anders Porsanger var i stand til å vise at samisk og ungarsk var i slekt. Det første professoratet i fennougristikk vart grunnlagt i Budapest i 1872.

Geografisk utbreiing[endre | endre wikiteksten]

Område i Europa der ungarsk vert tala.

Ungarsk vert tala som modersmål i følgjande land:

Land!Talarar
Ungarn 10 millionar (census 2001)
Romania
(hovudsakleg Transylvania)
1,443,970 (census 2002)
Slovakia 520,528 (census 2001)
Serbia
(hovudsakleg Vojvodina)
293,299 (census 2002)
Ukraina
(hovudsakleg Zakarpattia)
149,400 (census 2001)
USA 117,973 (census 2000)
Kanada 75,555 (census 2001)
Israel 70,000
Austerrike
(hovudsakleg Burgenland)
22,000
Kroatia 16,500
Slovenia 9,240
Total 12-13 millionar
Kjelde: National censuses, Ethnologue

Alfabet[endre | endre wikiteksten]

Ungarsk er det einaste finskugriske språket som hadde eit eige alfabet i førkristen tid.

Ungarsk har ein bortimot fonetisk ortografi: kvart fonem blir alltid skrive på same måten. Det ungarske alfabetet inneheld bokstavane frå a til z, som er modifisert på følgjande måte: I tillegg til bakre vokalar o, u, finst det også fremre vokalar ö, ü (som på tysk). Alle vokalar kan vere kort (utan aksent) eller lang (med aksent), for å få lang ö, ü bruker ungarsk dei karakteristiske dobbelt-aksentane ő, ű, som altså markerer lange vokalar. Ungarsk har fleire konsonantar enn det er konsonantsymbol i alfabetet, for å markere det bruker dei digrafar, som blir handsama som eigne symbol i alfabetiseringsrutiner. Resultatet er at det ungarske alfabetet ser slik ut:

a, á, b, c, cs, d, dz, dzs, e, é, f, g, gy, h, i, í, j, k, l, ly, m, n, ny, o, ó, ö, ő, p, (q), r, s, sz, t, ty, u, ú, ü, ű, v, (w), (x), (y), z, zs

Bokstavane blir uttalt som på tysk, med unntaka:

  • kort a er ein kort, runda, open, bakre vokal, IPA [ɒ]
  • lang á, IPA [aː]
  • b, IPA [b]
  • c, IPA [t͡s], "ts" (som i tysk "circa" = "zirka" sirka)
  • cs, IPA [t͡ʃ], "tsj" (som i tysk "Tschechisch" tsjekkisk)
  • d, IPA [d̪]
  • dz, IPA [d͡z], "dz", den stemte varianten av bokstaven c
  • dzs, IPA [d͡ʒ], "dž", den stemte varianten av bokstaven cs (som i tysk "Dschungel", i eng. "jungle")
  • kort e er ein kort, unrunda, halvopen, fremre vokal, IPA [ɛ], med tendens til ein kort, nesten open, fremre vokal, IPA [æ]
  • lang é, IPA [eː]
  • f, IPA [f]
  • g, IPA [g]
  • gy, IPA [ɟ], "dj"
  • h, IPA [h], [ɦ], ([x], [xː])
  • kort i, IPA [i]
  • lang í, IPA [iː]
  • j, IPA [j], [ʝ]
  • k, IPA [k]
  • l, IPA [l]
  • ly, IPA [j], [ʝ]
  • m, IPA [m]
  • n, IPA [n̪], ([ŋ]g, [ŋ]k )
  • ny, IPA [ɲ], "nj" (som i fransk "montagne" fjell)
  • kort o, IPA [o]
  • lang ó, IPA [oː], (som i tysk "schon" allereide)
  • kort ö, IPA [ø]
  • lang ő, IPA [øː], (som i tysk "Schönheit" venleik)
  • p, IPA [p]
  • q, IPA [k(v)]
  • r, IPA [ɾ]̪, [r̪]
  • s blir uttalt som norsk sj, IPA [ʃ]
  • sz, norsk s, IPA [s]
  • t, IPA [t̪]
  • ty, IPA [c], "tj"
  • kort u, IPA [u]
  • lang ú, IPA [uː]
  • kort ü, IPA [y]
  • lang ű, IPA [yː], (som i tysk "grün" grøn)
  • v, IPA [v]
  • (w), IPA [v]
  • (x), IPA [ks]
  • (y), IPA [i]
  • z, stemt s, IPA [z]
  • zs, stemt sj, IPA [ʒ], (som i fransk "journal")


Konsonant + y markerer palatalisert konsonant, slik vi finn i trøndersk og nordnorsk. Ny, IPA [ɲ], og ty, IPA [c], er dei palataliserte variantane av n- ja t og dei blir uttalt som i trøndersk hainnhoinn og itj. Den stemte varianten av tj er, noko uventa gy, IPA [ɟ], (som i trøndersk laidda. Tidlegare vart ly, IPA [ʎ], uttalt som palatalisert l, men i moderne ungarsk blir han uttalt som j, IPA [j].

I ungarsk kan alle vokalane vere korte eller lange. Dei korte vokalane er umarkerte, dei lange blir markert med ein akutt aksent. Kort [ɛ] blir skrive e, og lang [eː] blir skrive é. Dei fremre runda vokalane ü og ö (IPA [y] og [ø] blir skrive med diaresis (trema), dei lange variantane blir skrive med dobbel akutt aksent (ű, IPA [yː] og ő, IPA [øː]). Korte og lange vokalar har omtrent same kvalitet, bortsett frå for e, IPA [ɛ], og a, IPA [ɒ], der dei lange variantane é, IPA [eː], og á, IPA [aː], er meir lukka (høgare) enn dei korte.

Grammatikk[endre | endre wikiteksten]

Fonologi[endre | endre wikiteksten]

Hovudtrykket er alltid på første stavinga. I samansetjingar fell bitrykket på den første stavinga i dei ikkje-initiale stammane.

Ungarsk har vokalharmoni. Suffiks opptrer i to variantar, med fremre og bakre vokal, alt etter om stammen dei blir hekta på har fremre eller bakre vokalar.

Morfologi[endre | endre wikiteksten]

Ungarsk er eit agglutinerande språk. Substantiva har ikkje grammatisk genus.

Substantivmorfologi[endre | endre wikiteksten]

I ungarsk har det utvikla seg ganske mange kasus, kor mange det er er litt avhengig av kva kriterium ein legg til grunn.

Lokalkasusa dannar eit 3 x 3 -system, jf. tabellen, som viser lokalkasusa for ház "hus".

inni oppå attmed
frå házból
(Elativ)
házról
(Delativ)
háztól
(Ablativ)
i/på/ved házban
(Inessiv)
házon
(Superessiv)
háznál
(Adessiv)
til házba
(Illativ)
házra
(Sublativ)
házhoz
(Allativ)


Til skilnad frå nesten alle andre uralske språk har ungarsk eit system med bestemt artikkel, eller determinativ. Ubestemt determinativ, egy, blir brukt berre i eintal, egy tyder også (talet) 'ein', ubestemt fleirtal blir markert med fråver av determinativ, som i norsk. Bestemt determinativ er a eller az, opphavleg eit pronomen 'den'. Forma a blir brukt framfor konsonant, az elles. Grammatikaliseringa av bestemtheit har ungarsk sannsynlegvis lånt frå indoeuropeiske språk.

Verbmorfologi[endre | endre wikiteksten]

I ungarsk blir verb konjungert på to måtar, med eller utan bestemt objekt. Ungarsk har med andre ord objektkonjugasjon. Den bestemte konjugasjonen blir brukt når verbet er transitivt, og når objektet i setninga blir oppfatta som bestemt. Viss objektet til det transitive verbet er ubestemt, eller viss setninga inneheld eit intransitivt verb, blir den ubestemte konjugasjonen brukt. Ungarsk er eit såkalla pro-drop-språk, dvs. dei bruker personlege proneomen berre når dei vil framheve subjektet.

Setningsdøme:

  • „Eg ser bussen.“ = Látom a buszt. (med bestemt objekt, bestemt konjugasjon)
  • „Eg ser deg.“ = Látlak (téged). (med ubestemt objekt, ubestemt konjugasjon)
  • „Eg står og ventar.“ = Állok és várok. (utan objekt, ubestemt konjugasjon)

Paradigmedøme lát = „å sjå“:

  • Bestemt konjugasjon: látom = „eg ser det“, látod = „du ser det“, látjuk = „vi ser det“
  • Ubestemt konjugasjon: látok = „eg ser (noko)“, látsz = „du ser (noko)“, látunk = „vi ser (noko)“


kér (spørje etter, spørje om)
ubestemt bestemt
INDIKATIV
Presens kérek kérsz kér kérünk kértek kérnek kérem kéred kéri kérjük kéritek kérik
Preteritum kértem kértél kért kértünk kértetek kértek kértem kérted kérte kértük kértétek kérték
Futurum kérni
fogok
kérni
fogsz
kérni
fog
kérni
fogunk
kérni
fogtok
kérni
fognak
kérni
fogom
kérni
fogod
kérni
fogja
kérni
fogjuk
kérni
fogjátok
kérni
fogják
KONDISJONALIS
Presens kérnék kérnél kérne kérnénk kérnétek kérnének kérném kérnéd kérné kérnénk kérnétek kérnék
Preteritum kértem
volna
kértél
volna
kért
volna
kértünk
volna
kértetek
volna
kértek
volna
kértem
volna
kérted
volna
kérte
volna
kértük
volna
kértétek
volna
kérték
volna
IMPERATIV / ADHORTATIV
Presens kérjek kérjél
eller kérj
kérjen kérjünk kérjetek kérjenek kérjem kérjed
eller kérd
kérje kérjük kérjétek kérjék


lenni (å vere)
INDIKATIV
Presens vagyok vagy van vagyunk vagytok vannak
Preteritum voltam voltál volt voltunk voltatok voltak
Futurum leszek leszel lesz leszünk lesztek lesznek
KONDISJONALIS
Presens lennék
eller volnék
lennél
eller volnál
lenne
eller volna
lennénk
eller volnánk
lennétek
eller volnátok
lennének
eller volnának
Preteritum lettem
volna
lettél
volna
lett
volna
lettünk
volna
lettetek
volna
lettek
volna
IMPERATIV / ADHORTATIV
Presens legyek legyél
eller légy
legyen legyünk legyetek legyenek

Språkhistorie[endre | endre wikiteksten]

Ungarsk språkslektskap[endre | endre wikiteksten]

Forskingsmiljøet er stort sett samd om at ungarsk er eit ugrisk språk i den uralske språkfamilien.

Alternative teoriar[endre | endre wikiteksten]

Alle har ikkje alltid vore like overtydd om at ungarsk er eit uralsk språk, ein konkurrerande teori har vore å sjå ungarsk som eit tyrkisk språk. Denne teorien har vorte inspirert av sams grammatiske trekk, som vokalharmoni og agglutinerande morfologi. På den andre sida er dette språkdrag som vi finn att i dei fleste uralske språk, og i mange andre språk i det nordlege Eurasia. På bakgrunn av dette har det vore gjort forsøk på å slå saman uralske og tyrkiske språk i ein uralsk-altaisk språkfamilie, ja med alle språk frå indoeuropeisk til eskimo-aleutisk (jf. nostratiske språk-hypotesen. Problemet med alle dei alternative teoriane har vore vanskane med å finne nok felles arveord til å rekonstruere eit felles urspråk for dei moglege alternative urspråka. Det er dermed rett og slett konsensus i fagmiljøa om å sjå ungarsk som eit uralsk språk.

Det som talar for at ungarsk skulle vere eit tyrkisk språk heller enn eit uralsk, er den store mengda tyrkiske ord i ungarsk. Etter den allment aksepterte teorien er dette lånord frå tyrkisk, som stammar frå dei hundreåra då det ungarske folket migrerte frå Sibir mot Europa, migrasjonsruta går gjennom det som den gong var tyrkiskspråkleg område. Heile dette forskingsprosjektet blir hemma av at nokre av dei tyrkiske stammane ungararane var i kontakt med seinare er døydd utt, eller vorte assimilert av ungararane. Det er likevel mogleg å identifisere ord som er av tyrkisk heller enn av uralsk opphav. Nokre av orda peiker mot tsjuvasjisk, for dei andre orda er det vanskeleg å skilje ulike tyrkiske kjeldespråk frå kvarandre, i og med at dei andre tyrkiske språka er så lik. Ord i ungarsk som peikar attende på tsjuvasjisk er m.a. karó ‘stav’, sár ‘søle’, sárga ‘gul’, sarló ‘sigd’, szél ‘vind’, dél ‘sør’.

Nokre av dei gamle tyrkiske (lån)orda er knytt til kvegdrift, som var nytt for ungararane, t.d bika ‘okse’, ökör ‘okse, stut’, borjú ‘kalv’, ünő ‘kvige’, tinó ‘ungstut’, kos ‘bukk’, kecske ‘geit’, eller geiteprodukt, t.d. sajt "ost", túró "kvarg", gyapjú "ull". Også namna på dei nye kulturplantane vart lånt frå tyrkisk, t.d. árpa "bygg", borsó "ert", kender "hamp", alma "eple", körte "pære", gyümölcs "frukt", szőlő "drue".

Den tyrkiske påverknaden var så sterk at til og med eit par ord på kroppsdelar vart lånt, t.d. kar "arm", térd "kne", boka "okle", gyomor "mage", köldök "navle", szakáll "skjegg", også csipa ‘augepuss’. Vanlegvis blir ikkje slikt ordforråd lånt, så dette tyder på sterk påverknad.

Ungarsk sin status som uralsk språk kjem fram i det sentrale ordforrådet, t.d. (ordpara er ungarsk - finsk). él – elä(ä) "leve", kéz – käsi : käte- "hand", ki – ken "kven", kő – kivi "stein", lesz – lie(nee) "bli til noko", máj – maksa "lever", megy – men(nä) "dra", méz – mesi : mete- "honning", mi – me "vi", négy – neljä "fire", név – nimi "namn", nyel – niel(lä) "svelgje", szem – silmä "auge", szív - sydän "hjarte", ti – te "de", új – uusi "ny", vágy – vaatia "krevje", vaj – voi "smør", vas – vaski, vér – veri "blod", vés – veitsi "kniv", világ "verd" – valkea "kvit". Slektskapet kjem også fram i ord som er ulike i finsk og ungarsk, men der ulikskskapen er ei følgje av regelmessige lydendringar, t.d.: agy – aivo "hjerne", ágy – vuode "seng", éj – yö "natt", én – minä "eg", ének – ääni "lyd", év "år" – ikä "alder", had "hær" – kunta "lag, kommune", hal - kala "fisk", három – kolme "3", haszon "nytte" – kasvaa "vekse", hat – kuusi "3", juh – uuhi, kettő – kaksi "2", napa – anoppi "svigermor", ó "gammal" – aamu "morgon", ő – hän "han/ho", öl – syli "fang", öt – viisi "5", öv – vyö "belte", ősz – syksy "haust", (kasusendinga) -val – väki "gruppe", ?(ta)valy "i fjor" – vuosi "år", velő – ydin "kjerne".

Forskingshistorikk[endre | endre wikiteksten]

Slektskapet mellom ungarsk, finsk og samisk vart slått fast relativt tidleg.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikipedia-logo-v2.svg Wikipediaungarsk


Kjelder[endre | endre wikiteksten]