Torshov

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Torshov
stad
Torshov Aerial 2018 (185901).jpg
Luftfoto av Torshov, Sandaker og Grefsen i 2018.
Land Flag of Norway.svg Noreg

Torshov
59°56′1″ N 10°45′51″ E
Wikimedia Commons: Torshov

Torshov er eit sokn og strøk nord for Grünerløkka med namn etter Torshov gard.[1][2]

Namnet «Torshov» er sett saman av det norrøne gudenamnet Þórr (Tor) og hov («heidensk gudshus» eller «høgd»). Det er dokumentert som i-stad i 1370 («i þossofuue»), men er i dag på-stad. Uhistoriske skrivemåtar som Thorshoug og Torshaug kjem av at etterfestet -hov i uttala har falle saman med haug.[1][2]

Historie[endre | endre wikiteksten]

Torshov har industriområde langs Akerselva og høyrer saman med industriutbygginga av Sagene. Lengjer aust fanst tidlegare løkker og småhus, ein forstadsbusetnad innlemma i byen 1878. Kommunen kjøpte 270 daa (270 000 ) i 1916, og det blei oppført bustadskompleks i tida 1917–1925. Det ligg ein leigegardsbusetnad frå slutten av 1800-talet i vest. I sør og aust ligg bustadsblokker og høghus oppførte i seinare år på tomtene etter småhusbusetnaden frå 1800-talet.

Infrastruktur og bygningar[endre | endre wikiteksten]

Vogts gate fungerer som hovudgata til strøket. Gata er trafikkert av trikkar mellom sentrum og Kjelsås. Langs Vogts gate ligg fleire kaffibarar, restaurantar og kafear.

Parkar i strøket er Torshovparken, Torshovdalen, Torshov kirkepark og Haarklous plass.

Torshov offentlege skule blei oppført i 1878. Torshov blei skilt ut frå Sagene som eiga forsamling i 1930. Torshov kyrkje blei innvigd i 1958. Torshovstrøket er skildra i Oskar Braaten sine forteljingar og skodespel.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 «Torshov» i [norskstadnamnleksikon.no Norsk stadnamnleksikon]
  2. 2,0 2,1 «Torshov» i Stedsnavnarkivet (Eining for digital dokumentasjon, Universitetet i Oslo)

Litteratur[endre | endre wikiteksten]