Oslo byleksikon

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Oslo byleksikon er eit alfabetisk ordna oppslagsverk med stoff som hovudsakleg gjeld Oslo. Leksikonet er utgjeve av Kunnskapsforlaget, og kom i si femte utgåve i september 2010. Fyrste utgåva vart gjeve ut i 1938, andre utgåva i 1966, tredje i 1987 og fjerde i 2000.

Utgåver[endre | endre wikiteksten]

  • Femte utgåve: hovudredaktør Knut Are Tvedt; utgjeve i samarbeid med foreininga Oslo Byes Vel og Oslo Bymuseum, 693 sider, Kunnskapsforlaget, Oslo 2010, ISBN 978-82-573-1760-7
  • Fjerde utgåva: hovudredaktør Knut Are Tvedt ; biletredaktør Øyvind Reisegg; utgjeve i samarbeid med Oslo Byes Vel. Kunnskapsforlaget, Oslo 2000. ISBN 82-573-0815-3.
  • Tredje utgåva: hovudredaktør Reidar Hanssen; utgjeve i samarbeid med Oslo Byes Vel. Kunnskapsforlaget, Oslo 1987. ISBN 82-573-0228-7.
  • Andre utgåva: Redaktørar Aksel Arstal og Carl Just, Aschehoug forlag, Oslo 1966.
  • Fyrste utgåva: Redaktør Aksel Arstal. Leksikonet hadde namnet Oslo byleksikon : stedleksikon over Oslo og nærmeste omegn. Forlaget Johan Grundt Tanum, Oslo 1938.