Torsnes

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Torsnes kyrkje

Torsnes er ein tidlegare sjølvstendig landkommune i Østfold fylke.

To av dei kjende herregardane i Østfold ligg i Torsnes, Nes Herregård og Thorsø Herregård.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Torsnes var frå 1837 ein del av Borge formannskapsdistrikt. 1. januar 1910 vart området skild ut som eigen kommune med 1 466 innbyggjarar.

1. januar 1964 vart dei høgtliggande sjøområda sør for Øra med Hesteholmen i Torsnes samanslegne med delar av Borge, Fredrikstad og Glemmen kommunar til Fredrikstad kommune. Resten av Torsnes vart slege saman med resten av Borge til den nye Borge kommune.

1. januar 1994 vart Borge kommune samanslegen med Fredrikstad, Kråkerøy, Onsøy og Rolvsøy kommunar til den nye Fredrikstad kommune.